Kalde bad
Ladie’s Pond i London. Vatnet er kaldt og djupt – berre for dyktige symjarar.
Foto: E. Dean
Alle badar no, eller alle kjenner i alle fall nokon som gjer det. Folk bookar seg inn i badstuer med svære vindauge, drikk øl, minglar, tek ein selfie og hoppar uti. Eller dei tek seg ei hard treningsøkt for så å vasse ut i ruren.
Kalde bad etter trening var eit av temaa i restitusjonskapittelet då eg studerte idrett i 2008. Me lærte at nedkjølinga skulle gi ein raskare restitusjon. Nyttig for dei som trener mykje.
I 2015 gjorde forskarar ved Noregs idrettshøgskule og University of Queensland i Australia ein studie på effekten av nedkjøling etter trening. Eit interessant resultatet var at kalde bad kan gi raskare restitusjon, men samtidig kan badet også redusere effekten av økta.
Dei som bada i kaldt vatn etter styrkeøkta, hadde ein auke på 40 prosent i styrke, medan kontrollgruppa, utan bad, fekk ein auke med heile 60 prosent.
Det betyr likevel ikkje at idrettsutøvarar treng slutte å bade i kaldt vatn. For dei som trener mykje, er rask restitusjon verdifullt, men dersom ein fyrst og fremst ynskjer muskelvekst, er truleg ikkje eit kaldt bad så smart.
«Ismannen» Wim Hof har halde pusten under is i 6 minutt og 20 sekund.
Foto via Wikimedia Commons
Dei som berre drikk øl før dukkerten, kan uansett halde fram med badinga. Alt på 1700-talet anbefalte dokterar kalde bad mot mentale lidingar. Ikkje at det å drikke øl har noko med mentale lidingar å gjere, men isbading kan gjere at ein frigjer hormon som noradrenalin og endorfin. Difor kan ein kjenne seg særs bra etter eit bad.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Alle badar no, eller alle kjenner i alle fall nokon som gjer det. Folk bookar seg inn i badstuer med svære vindauge, drikk øl, minglar, tek ein selfie og hoppar uti. Eller dei tek seg ei hard treningsøkt for så å vasse ut i ruren.
Kalde bad etter trening var eit av temaa i restitusjonskapittelet då eg studerte idrett i 2008. Me lærte at nedkjølinga skulle gi ein raskare restitusjon. Nyttig for dei som trener mykje.
I 2015 gjorde forskarar ved Noregs idrettshøgskule og University of Queensland i Australia ein studie på effekten av nedkjøling etter trening. Eit interessant resultatet var at kalde bad kan gi raskare restitusjon, men samtidig kan badet også redusere effekten av økta.
Dei som bada i kaldt vatn etter styrkeøkta, hadde ein auke på 40 prosent i styrke, medan kontrollgruppa, utan bad, fekk ein auke med heile 60 prosent.
Det betyr likevel ikkje at idrettsutøvarar treng slutte å bade i kaldt vatn. For dei som trener mykje, er rask restitusjon verdifullt, men dersom ein fyrst og fremst ynskjer muskelvekst, er truleg ikkje eit kaldt bad så smart.
«Ismannen» Wim Hof har halde pusten under is i 6 minutt og 20 sekund.
Foto via Wikimedia Commons
Dei som berre drikk øl før dukkerten, kan uansett halde fram med badinga. Alt på 1700-talet anbefalte dokterar kalde bad mot mentale lidingar. Ikkje at det å drikke øl har noko med mentale lidingar å gjere, men isbading kan gjere at ein frigjer hormon som noradrenalin og endorfin. Difor kan ein kjenne seg særs bra etter eit bad.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Fleire artiklar
Same tema
For ti år sidan skulle birkebeinarane ha tak i sportsdrikken RingerDrink+, som eigentleg var meint for intravenøs bruk.
Foto: Heiko Junge / NTB
Prime time
Som fotballforelder i Oslo er det ikkje vanskeleg å få med seg at seriøsiteten startar tidlegare i vest enn i aust.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
Sossesport