Me møtest på midten
Eg er klar for endå ein tur gjennom Gravhalsen. På nokre minutt gjer eg unna 5,3 kilometer tunnel som det tok seks år å byggja.
Ma che minchia? Det vert sagt at folket i Raundalen er særs gode til å banna på italiensk. Det skal dei ha lært av eit italiensk arbeidslag som var med på å hogga ut Gravhalstunnelen. Overgangen frå blaut marmor til norsk grunnfjell, gneis, vart for hard, og med gloser me ikkje skal gjengjeva, fór dei snøgt heim att.
Gravhalstunnelen mellom Myrdal og Upsete på Bergensbanen er 5,3 kilometer lang og var ferdig i 1906. Det var planlagt å hogga tunnelen ut for hand, men det harde fjellet gjorde at dei bygde ut Kjosfoss kraftverk ved Myrdal for å gje straum til elektriske drivne trykkluftbor.
På vestsida vart det sett opp ei demning ved Kaldevatn som gav trykk til vasshydrauliske maskiner. Med maskiner kom ein opp i ei framdrift på 50 meter i månaden, mens handemakt gav berre 10 meter per månad.
Gravhalstunnelen vart graven frå begge sider samstundes. Korleis klarte dei det? Og kor mykje bomma dei på midten? For å svara på det siste fyrst: Dei bomma med berre 4 centimeter.
For å vita i kva retning dei skulle grava, vart tunnelen målt og berekna ved hjelp av triangulering. Ved triangulering deler ein opp terrenget i eit nett av trekantar og brukar sinussetninga for å finna vinklar og avstandar mellom ulike punkt i terrenget. Dersom ein kjenner to vinklar og éi side i ein trekant, gjev sinussetninga oss dei andre sidene. For å få eit noggrant nett av trekantar må éi side i ein av trekantane, kalla basisline, i nettverket målast nøye.
I gamle dagar brukte ein teodolitt ved triangulering. Ein teodolitt kan måla vinklar horisontalt og vertikalt og er forgjengaren til dagens totalstasjonar. For å finna vinklane ein skulle driva Gravhalstunnelen etter, laga dei eit nettverk av trekantar frå Myrdal over fjellet Urshovd til Upsete.
I kvart hjørne av trekantane sette ein opp plattformer av stein, siktepunkt, der ein kunne måla vinklar til dei neste punkta. Eit av dei står framleis rett utanfor tunnelopninga på Upsete og vart brukt til å sikta inn retninga på vestre del av tunnelen. Arbeidet med oppmålinga tok to til tre år.
Når ein veit i kva retning tunnelen skal drivast, må ein måla på same vis gjennom tunnelen. Maksimal avstand mellom målepunkt er 500 meter. I tillegg til å treffa horisontalt må ein òg tenkja på at tunnelen må vera høgast på midten, slik at vatnet frå grunnfjellet renn ut.
Det meste av landmålarstudiet er vigt feilberekningar. Det er særs viktig å måla nøye og rekna riktig. Dersom ein startar ut feil, ballar det fort på seg, og konsekvensane kan fort verta alvorlege. Det vert som regel mest feil i vertikal retning.
I tillegg til målefeil må ein utandørs korrigere for jordkrumming og ljosbøying i atmosfæren. Når ein måler i tunnelar, må ein ta høgd for fukt i lufta og temperaturskilnader. Det gjer ein mellom anna ved å måla på kryss i tunnelane. Dersom ein måler langs veggen, vert lufta på den eine sida av siktelina lett kaldare enn ho er det er på den andre, og då kan siktelina bøyast.
Gravhalsen vart driven for meir enn hundre år sidan. Korleis gjer ein det i dag? Vel, med GNSS (Global Navigation Satellite Systems) og eit velutvikla kartverk vert det lettare å finna siktelina for tunnelen, men ein må framleis måla seg gjennom tunnelen. I dag brukar ein totalstasjonar med gyro for å finna horisontal og vertikal retning inne i tunnelen. I den 57 kilometer lange Gotthardtunnelen i Alpane var kravet om å vera nøyaktig éin knyttneve.
Generelt finst det to ulike metodar for å laga tunnelar. Ein kan anten sprengja eller bora. Sjølv hugsar eg Madam Felle som åt seg gjennom fjellet frå sentrum i Bergen til Sandviken på åttitalet og løyste trafikale problem i fleire tiår. I dag er det vanleg at vegtunnelar vert sprengde medan togtunnelar vert bora. Den nye Ulrikstunnelen og Blixtunnelen er båe bora, medan vegen frå Bergen til Os har fått gilde tunnelar som vart sprengde ut.
Noreg er eit land skapt for tunnelar. Det er nok av fjell å ta av. Då er det fint at me har geodesiutdanningar fleire stader i Noreg. Me vantar berre fleire studentar. Er det endå eit teikn på at me har vorte eit land som er flinkare til å konsumera enn å produsera?
Tankar som dette surrar i hovudet medan eg går langs den 3947 meter lange basislina frå 1863, som går frå Ekebergsletta til ein hage på Nordstrand og starta meridianrekka frå Oslo til Levanger. Eg avsluttar dagen med eit bad på Katten.
Per Thorvaldsen
per.eilif.thorvaldsen@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Å skyte nokre få vågekval og gje offentleg støtte til å sende ut båtar og halde opne mottak for selkjøt har liten verdi for næringsliv og busetjing og absolutt ingen verdi som ressursforvaltning, skriv Arve Nilsen.
Foto: Ingeborg Hauglid / NTB
Ein fangstnasjon i forfall
Boing 737 har Fowler-flaps. Han flyttar seg fyrst bakover for å auka vengjearealet, så nedover for å auka lyftet. Ved fullt utslag sørgjer flapsen også for meir luftmotstand når flyet landar. Over den todelte flapsen ser ein spoilerar som også vert brukte for å gje luftmotstand.
Full brems
Med Komp kan mor snakka med kven ho vil av familie og vener utan å plagast med teknologi. Det er berre éin knapp, for volum, og denne skrur òg av skjermen når mor vil ha fred.
Alle foto: Per Thorvaldsen
Samtalar med mor
Elkatamaranen med det høvelege namnet «Medstraum» sig mot kai i Hommersåk, der nokre forfrosne sjeler er på veg til dagens dont i Stavanger.
Alle foto: Per Thorvaldsen
Gå stilt, gå snøgt