Nedturen
Det går mildt sagt dårleg på meiningsmålingane for Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Senterpartiet fekk 3,5 prosent oppslutning på målinga for ABC-Nyheter og Altinget denne veka. Det er under sperregrensa. Arbeidarpartiet ligg jamt godt under 20 prosent.
Regjeringa taper oppslutning på misnøya med auka straumprisar i eit land der folk forventar billeg straum. Og dei taper på renteauken i eit land der for mange har lånt for mykje og ikkje teke inn over seg at ei rente ned mot null ikkje er normalt.
«Vi vil bekjempe ulikhet og urettferdighet», står det i Hurdalsplattforma, og «fattigdom skal reduseres». Med slike lovnader har ei regjering «i verdas rikaste land» ei nesten uoverkomeleg utfordring når ho argumenterer for ein naudsynt nøktern pengebruk for å hindra inflasjon og endå høgare renter. Det hjelper heller ikkje at dei har auka skattane.
Med den kostnadsveksten vi har no, der matvareprisane har stige over 13 prosent på eitt år, forventar folk meir frå ei regjering frå «venstresida». 417 kroner meir i månaden til åleineforsørgjarar, sjølv etter budsjettforhandlingane med SV, er ikkje ein kamp mot ulikskap.
For Senterpartiet sin del er det sjølvsagt eit problem at partileiinga, med partileiaren Trygve Slagsvold Vedum i spissen, reiste landet rundt og var svært så rause med økonomiske og politiske lovnader i valkampen.
Når så krisene oppstår rett etter ein slik valkamp, er ein nøydd til å tapa. Det hjelper ikkje at fleire av lovnadene er innfridde, når folk flest mister kjøpekraft. Vedum skulle ikkje vorte finansminister, for oppgåva er då å seia nei til det meste. Og det var ein tabbe å ikkje ta med SV i regjeringa og gjera dei medansvarlege for ei spareline.
Senterpartiets store framgang var ein del av eit grasrotopprør. Slike framgangar toler ikkje regjeringsslitasje. Dei nye veljarane er ikkje lojale og skiftar parti om ikkje forventningane vert innfridde. Jamn, svak vekst er det beste. Stor vekst fører til stor fallhøgd.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.