Også Noreg må ta ansvar
Førre helg vart det 27. klimatoppmøtet avslutta i Sharm el-Sheikh. Gjev slutterklæringa frå møtet grunn til optimisme? Nei. Det vart rett nok avgjort at det skal opprettast finansieringsordningar og eit fond for tap og skade for fattige land som opplever flaum eller andre naturkatastrofar på grunn av klimaendringane, men det reduserer ikkje klimagassutsleppa.
På klimatoppmøtet i Paris for sju år sidan vart verdas statar samde om å kutta i utsleppa for å avgrensa auken i den globale oppvarminga til godt under 2 grader – og så langt ned mot 1,5 grader som mogeleg.
Men CO2-utsleppa i verda held fram med å stiga. Berre i år ligg utsleppa frå fossile brensel an til å auka med 5 prosent samanlikna med i fjor.
Alt no er den globale gjennomsnittstemperaturen 1,1 grader over det han var før industrialderen tok til. Jan Fuglestvedt, forskingsleiar ved Cicero, seier at det trengst raske og store utsleppskutt om vi skal klara å avgrensa oppvarminga til 1,5 grader.
Men i praksis er det beste vi kan håpa på, å nå 2-gradersmålet. Då må ein få på plass nye, konkrete tiltak for å få ned bruken av fossil brensel. I slutterklæringa frå Egypt enda det med slappe formuleringar om ein vilje til å fremja lågutsleppsenergi og fornybar energi. Det monar ikkje.
Avgjerande for utviklinga framover er kva dei største utsleppslanda – Kina, USA, EU-landa og India – får til av tiltak. Kina står for ein tredel av klimautsleppa åleine. Det gjer at omverda har alt å tena på å ha eit konstruktivt tilhøve til Kina, sjølv om landet vert meir og meir autoritært.
Vi skal ikkje ha illusjonar om kor mykje eit lite land kan utretta for å bremsa klimaendringane. Noreg står for litt over 1 promille av dei globale utsleppa. Men det vi kan krevja, er at eit land som har tent så uhorveleg godt på fossilalderen, gjer meir for ha halda sine eigne klimalovnader. Dei norske utsleppa er høgare enn dei var i 1992, medan dei fleste europeiske landa har kutta monaleg.
Nyleg kom ein rapport frå DNV og Norsk Industri som slår fast at Noreg slett ikkje er i rute med å nå sine eigne klimamål, verken i 2030 eller i 2050. Parisavtalen er bygd på at kvar stat melder inn sine eigne frivillige utsleppsmål. Dette systemet er avhengig av gjensidig tillit mellom statane. Om eit særs rikt og omstillingsdyktig land som Noreg ikkje held lovnadene sine, er det med på å undergrava truverdet til heile Parisavtalen.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.