Unødvendig sein vedtaksprosess
Det går med enorme mengder våpen og militært utstyr i Ukraina-krigen, og mange er drepne på begge sider. Men skal Ukraina kunna stå imot Russland, må dei, om vi likar det eller ei, kvar dag og kvar veke få nye leveransar av våpen frå Nato-landa.
Difor var det viktig at regjeringa i januar i år kunngjorde at Noreg skulle kjøpa store mengder artilleriammunisjon frå våpenprodusenten Nammo på Raufoss, og der delar av denne ammunisjonen skulle gå til Ukraina.
No kan Aftenposten fortelja at fire månader etter kunngjeringa frå regjeringa, er det framleis ikkje gjort konkrete avtalar om produksjon av desse våpena. Til Aftenposten svarar Forsvarsdepartementet at saka ligg til handsaming i Stortinget, og at dei er i ein «pågående prosess som det ikke er naturlig å kommentere nærmere».
Først 6. juni skal saka opp i Stortinget knytt til ein proposisjon om investeringar i Forsvaret. Då har vedtaksprosessen åleine teke fem månader. Det er lang tid for dei som står i krigen dag etter dag.
Vanlege investeringar i Forsvaret må sjølvsagt handterast etter faste prosedyrar. Men vedtaket om våpensending til Ukraina burde ein fått unna på kortare tid. Særleg sidan det er eit klart fleirtal for meir våpen til Ukraina i Stortinget. Vi har bunde oss til masta og må hjelpa Ukraina militært så godt vi kan.
Regjering og Storting var prisverdig raske med å vedta våpenstøtte til Ukraina då krigen braut ut i 24. februar i fjor. No må styresmaktene halda oppe merksemda og tempoet så lenge krigen varer.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.