Arkivet: Dr. John
Dr. John, fødd Malcolm Rebennack.
Foto: John David Mercer
Då Malcolm John Rebennack jr., betre kjend som Dr. John, gjekk bort sommaren for tre år sidan, arbeidde han med ei ny plate. No er Things Happen That Way her, ei utgiving der New Orleans-legenda mellom anna røskar tak i nokre countryklassikarar og kler dei i ny, umiskjenneleg Dr. John-drakt.
Det er mykje å glede seg over på dette albumet. Det er klart det er kjekt når Dr. John spelar songar som «I’m So Lonesome I Could Cry» (Hank Williams), «Guess Things Happen That Way» (Jack Clement, men kanskje best kjend i Johnny Cash si framføring), og «Funny How Time Slips Away» (Willie Nelson).
Willie Nelson dukkar ikkje berre opp som komponist, men syng også med på «Gimme That Old Time Religion», og når Dr. John gjer ein versjon av Traveling Wilburys-låten «End Of The Line», er sjølvaste sølvrøysta Aaron Neville med på vokal, og gospelen snik seg inn i tonane.
Lyttarar som har følgt artisten opp gjennom åra, vil vere glad for ei ny tolking av hans eigen «I Walk on Guilded Splinters», opphavleg avsluttingssporet på Gris Gris (1968), der han har fått med seg Lukas Nelson og Promise of the Real. Det er som Karla R. Pratt, dottera til Dr. John, som har spela ei viktig rolle i å få musikken hans ferdigstilt og utgitt, sa i eit intervju for litt sidan: «På ein mystisk måte såg far bakover i tid, samstundes som han såg framover, medan han likevel var til stades i kvart augeblikk, her og no.»
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.