Det tomme rommet
Fleire bør oppdage H. Hawkline.
Huw Gwynfryn Evans spelar i Oslo 11. april.
Pressefoto
Rock
H. Hawkline:
Milk For Flowers
Heavenly / Border
«Empty Room», det avsluttande sporet på H. Hawklines nye album, er ein av desse songane ein straks tenkjer kjem til å verte ståande. Når ein har høyrt gjennom heile Milk For Flowers, er det som om songen er eit perfekt punktum, men likevel summar vidare i deg etterpå, som i ein ettertanke. Kanskje er dette fordi han tek opp noko det er vanskeleg å skildre i ord og tone, nemleg ei grunnleggjande menneskeleg erfaring: tapet av ein forelder.
Framifrå popvokalist
«My dad, he don’t sleep anymore», heiter det i siste line, i ein komposisjon der kvart element høyrer heime – pianoet (Paul Jones), steelgitaren (Harry Bohay) og klarinetten (Stephen Black).
Og så er det røysta, for H. Hawkline er ein framifrå popvokalist, som kjem særleg tett på her, kanskje fordi han syng om noko han har erfart. Det tomme rommet i songen er både ein fysisk plass og ein tilstand, noko taust, uunngåeleg og overveldande ein ikkje heilt kjenner rekkjevidda av før ein står midt i det.
Eg høyrde walisaren H. Hawkline på konsert i fjor sommar. Det skjedde i Austin, i klubben Mohawk, der han ein junikveld varma opp for Aldous Harding (som han seinare på kvelden dukka opp i bandet til).
Huw Gwynfryn Evans (f. 1985), som han eigentleg heiter, kom ut på scenen og framførte songane sine mutters åleine, med ein gitar, og elles kun akkompagnert av ein teip han spelte av. Dette snurrige, litt karaokeaktige grepet var mitt første møte med artisten, som stort sett spelte materiale frå I Romanticize (2017), eit markant album eg har lytta ein del til i månadene etterpå.
Mellom høgdepunkta den kvelden var «Means That Much» og «Last Thing On Your Mind», songar frå førre album som viser Hawklines kvalitetar både som låtskrivar og artist.
Originale tekstar
Tekstane er originale, dei tek stadig nye, uventa retningar og reflekterer at vi har med ein uvanleg kreativ og frittenkjande ordsmed å gjere.
Akkordprogresjonen kan vere smått uortodoks, og også instrumenteringa, ikkje minst gitarspelet, men samstundes sit fleire av låtane straks, med nynnbare, catchy refreng. Ikkje minst er Hawkline utstyrt med ei nydeleg poprøyst, noko som også kom godt fram på scenen i Austin.
Den poetiske teften har han ikkje mista med årets utgiving. «Found her face about a lover too soon, folded like a rabbit in the road», heiter det typisk snedig i «I Need Him».
Kontant og medrivande
Cate Le Bon, som Evans har spelt mykje med, og som han også var saman med, er ein viktig musikalsk medspelar på Milk For Flowers, og har produsert albumet. Songane er kontante og medrivande, men kjem likevel denne gongen frå ein annan plass enn sist. Der I Romanticize er kunstpop med skråblikk, har årets utgiving noko hudlaust over seg, og songane er umiskjenneleg prega av hendingar som har tilstøytt Evans sjølv i hans eige liv – ikkje minst nett «Empty Room», der vokalen har ein ny, ukunstla intensitet.
Eg vil tilrå lesaren å gjere seg kjend med begge dei to siste platene til H. Hawkline, som er ein av desse artistane som fort kan hamne under radaren.
Milk For Flowers kjem ut 10. mars. H. Hawkline varmar opp for Aldous Harding på Sentrum Scene i Oslo 11. april.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.