Perfekt Imperfect Solitude
Sandbakken & co får mykje ut av eit uvanleg trioformat.
Tore Sandbakken har med seg Hanna Paulsberg og Dag-Filip Roaldsnes på albumet.
Foto: Roger Salem
Jazz
Tore T. Sandbakken:
Imperfect Solitude
Hanna Paulsberg, tenorsaksofon; Dag-Filip Roaldsnes, piano; Tore T. Sandbakken, trommer. Jazzland
Dette er ei plate du må ha ein fysisk kopi av. I tillegg til spanande musikk inneheld nemleg plata den beste omslagsteksten eg har lese på mange år. Thomas Strønen teiknar eit humoristisk og fargerikt bilete av hovudpersonen, Tore T. Sandbakken.
På plata syner Sandbakken fram den lyriske sida av den musikalske personlegdomen sin, men kanskje viktigare er det at han tek Roaldsnes og Paulsberg med på ein skikkeleg ekspedisjon. Her blir det kikka over mangt eit leite, og steinar blir snudde i eino. Etter å ha høyrt plata nokre gonger har ein fått ei djupare forståing av kva det er mogleg å få ut av ein saksofon/piano/tromme-trio.
Sandbakken og Roaldsnes har saman og kvar for seg komponert dei åtte låtane. Alt saman prima vare, men det er det dei tre gjer med låtane, som stel merksemda. Ein av favorittane mine er Sandbakkens «I Went to the Woods», som byrjar med ein knapt tre minuttar lang duett mellom Paulsberg og Sandbakken. Her kjem ideane strøymande og blir kommenterte på lekkert vis.
Trioen er på sitt mest stillfarne og kontemplative i «Insen», og det høyrest innleiingsvis ut til at det heile kan falla frå kvarandre, men dei maktar på minimalistisk vis å landa fjellstøtt. Dei går frå det mest utfordrande harmonisk og rytmisk i «This Is You» til den enkle lyriske perla «Cinematic», for å enda i Roaldsnes elegiske «Psalm». Formfullenda! Paulsberg har ikkje bidrege med komposisjonar, men det ho leverer på denne plata, er gull tvers igjennom.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.