Romopera-rock
Musikken robot-DJ-en spelar i spelet Jedi Survivor, er tilgjengeleg på samleskive her på planeten.
Rock
Ymse artistar:
Songs from the Galactic Skylanes
Walt Disney Records
I går var Star Wars-dagen («May the fourth be with you»); i år er det 40 år sidan innslag nr. 3 i space opera-serien (Jediridderen vender tilbake) kom ut; førre veke blei Jedi Survivor lansert. Dette eventyrspelet krinsar rundt ein saloon der galaktiske nybyggjarar av forskjellig art samlast til samvære. Ein musikkprodusent som driv med sampling av dyrelivet på planeten, og hennar robot-DJ-kompanjong (med fire armar) står for musikken.
Det er tale om fantaseringar – signert reelle band frå jorda som opererer under synonym – kring korleis musikken i ein fjern galakse kunne høyrast ut. Songane er òg tilgjengelege på samleutgjevinga Songs from the Galactic Skylanes. I vår røynd.
«The Agosar», her i galaksen kjent som det mongolske metalbandet The Hu, speler hardtslåande folkrock, med djupe krigstrommer, riv røskande strupeklang og shredfele med vreng og feedback i bøttevis. Det tyrkisk-nederlandske psykedelisk rock-bandet Altin Gün opptrer som «Altin Lazer Blaster»: På «High Waves» er framandspråkleg vokal akkompagnert av eksotiske strengeinstrument og elektroniske lydar som læt lik dei mest silkemjuke laserpistolskot i skjøn harmoni; «Shortpaw’s Dance» er ei varm og tilbakelent, eklektisk reggae-aktig sak. «NAAARTAAAT» (israelske TATRAN) spelar kraut-aktig kosmisk rock med spretne rytmar og romslege, overjordiske synthlydar.
Star Wars har tradisjon for å dikte opp interplanetarisk pop: «Figrin D’an and the Modal Nodes» si utanomjordiske tradjazzradbrekking er eit kjent døme, og Songs from the Galactic Skylanes er ei overbevisande utanomjordisk fantasimusikksamling – som dertil introduserer alternative band for eit større publikum.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.