Tradisjon og nyskaping
Like born leikar best.
Jazz
Sissel Vera
Pettersen & Vigleik Storaas:
Consolations
Sissel Vera Pettersen, vokal og elektronikk; Vigleik Storaas, piano.
Øra fonogram
Pettersen og Storaas har hatt det moro i studioet med eit materiale som inneheld åtte låtar/improvisasjonar. Dei balanserer fint mellom det komponerte og det lause og improviserte. Dei greier med sikker formsans å skapa ein heilskap. Låtane dei har gjort saman, er truleg utvikla/improviserte fram i studioet og fungerer fint som mellomspel eller intro til det skrivne stoffet.
«First Conversation» byggjer bru mellom dei to Kenny Wheeler-låtane «Consolation» og «Winter Sweet». «Second Conversation» er ein kort og effektiv kontrast til den meditative «Psaumes des Arbes» og ein pussig intro til klassikaren «Alone Together». Den avsluttande «Third Conversation» er eit apropos til «Lemon Drops» og ein artig leik med referanse til standardlåten «Over the Rainbow». («Lemon Drops» låner vel frå verselinja «Where trouble melts like lemon drops» i den nemnde standarden?)
Musikken kan til tider minna om noko så forskjellig som trioen Azimuth (Wheeler, Norma Winstone og John Taylor) og duoen Maria Joao og Mário Laginha, men i høgdepunktet på plata, Vigleik Storaas-låten «Psaumes des Arbes», skapar dei to eit originalt uttrykk, meditativt og kraftfullt på same tid, som sit i lenge etter at musikken har tona ut. Den enkle kombinasjonen av piano, vokal og liveelektronikk skapar ein monumental musikalsk sekvens som åleine gjer det verdt å skaffa seg plata.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilansjournalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Sissel Vera
Pettersen & Vigleik Storaas:
Consolations
Sissel Vera Pettersen, vokal og elektronikk; Vigleik Storaas, piano.
Øra fonogram
Pettersen og Storaas har hatt det moro i studioet med eit materiale som inneheld åtte låtar/improvisasjonar. Dei balanserer fint mellom det komponerte og det lause og improviserte. Dei greier med sikker formsans å skapa ein heilskap. Låtane dei har gjort saman, er truleg utvikla/improviserte fram i studioet og fungerer fint som mellomspel eller intro til det skrivne stoffet.
«First Conversation» byggjer bru mellom dei to Kenny Wheeler-låtane «Consolation» og «Winter Sweet». «Second Conversation» er ein kort og effektiv kontrast til den meditative «Psaumes des Arbes» og ein pussig intro til klassikaren «Alone Together». Den avsluttande «Third Conversation» er eit apropos til «Lemon Drops» og ein artig leik med referanse til standardlåten «Over the Rainbow». («Lemon Drops» låner vel frå verselinja «Where trouble melts like lemon drops» i den nemnde standarden?)
Musikken kan til tider minna om noko så forskjellig som trioen Azimuth (Wheeler, Norma Winstone og John Taylor) og duoen Maria Joao og Mário Laginha, men i høgdepunktet på plata, Vigleik Storaas-låten «Psaumes des Arbes», skapar dei to eit originalt uttrykk, meditativt og kraftfullt på same tid, som sit i lenge etter at musikken har tona ut. Den enkle kombinasjonen av piano, vokal og liveelektronikk skapar ein monumental musikalsk sekvens som åleine gjer det verdt å skaffa seg plata.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilansjournalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Same tema
Eva Aagaard er utdanna journalist og debuterte som forfattar i 2019.
Foto: Nicolas Tobias Folsgaard
Usynlege sår
Sverre Anker Ousdal, Laila Goody, Elias Holmen Sørensen, Hanna-Maria Grønneberg, Andreas Stoltenberg Granerud, Trond Espen Seim og Anne Marit Jacobsen i stykket basert på filmen til Ingmar Bergman.
Foto: Erika Hebbert
Stivbeint dramatisering, men varmt spel