Vakkert og vaklande
Eg får ikkje heilt fot på Joachim Triers fascinerande paranormale drama.
Eili Harboe har skapt ein truverdig heimføding som er open for nye inntrykk og idear i Joachim Triers nye film.
Eili Harboe har skapt ein truverdig heimføding som er open for nye inntrykk og idear i Joachim Triers nye film.
Kamera svevar stødig over Blindern med studentar yrande på asfalten, og fangar til slutt inn ei ung jente med sekk på ryggen. Biletet har noko tidlaust over seg, sjølv om både klede, sveis og tilbehøyr alt stadfestar at me er plasserte i notida. Thelma (Harboe) sitt fyrste møte med dei store auditoria, førelesingar og medelevar er gjenkjenneleg. Her er om å gjera og finna seg til rette, særleg sosialt. Utan særleg mykje relevant erfaring får Thelma likevel innpass. Og heile karakteren hennar er rett likandes. Harboe har skapt ein truverdig heimføding som er open for nye inntrykk og idear som står i skvis mellom sitt gamle, prektige eg og denne nye, unge dama som brått kjenner på lyster ho har fått innprenta er syndige.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.