Akademie für Alte Musik Berlin spelar Telemanns allsidig instrumenterte konsertar. Foto: Uwa Arens
Akademie für Alte Musik Berlin spelar Telemanns allsidig instrumenterte konsertar. Foto: Uwa Arens
Akademie für Alte Musik Berlin syner kor variert og påhittsamt Georg Philipp Telemann (1681–1767) komponerte innan konsertsjangeren. «Konsert» tyder her ei verkform der eitt eller fleire soloinstrument tevlar («konserterer») med resten av orkesteret. I dei åtte konsertane på plata blir det brukt både trompetar, horn, tverrfløyter, fiolinar, bratsjar, celloar, oboar og lutt som soloinstrument, noko som gjer lydbiletet rikt på avvekslingar. Mest imponerande er det likevel at Telemann maktar å gje dei ulike verka sin heilt eigne karakter: Det med trompetar er staseleg som ein statsseremoni, det med tverrfløyter er inderleg tragisk, medan det med fiolinar og bratsjar læt høgtidsamt og lærd.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.