Ingenting kan stoppe meg no
Ingenting kan stoppe meg no, heiter det i refrenget på «Light Blue», eit av høgdepunkta på Valentine, den nye plata frå Snail Mail. Songen er sett frå perspektivet til eit menneske som står ved eit skilje. Herfrå er det ingen veg tilbake no. Den stillferdige songen varer berre to og eit halvt minutt, men det er alt Lindsey Jordan treng. Når det stilnar frå høgtalaren, får du lyst til å høyre låten ein gong til.
DJ Anz byr på eigne komposisjonar på det nye albumet.
Pressefoto
Smittande positivitet
Den britiske DJ-en og musikkprodusenten Anz er basert i Manchester. Ho spelar spretten klubbmusikk på den frie internettradiokanalen NTS éin laurdag i månaden, og DJ-setta hennar er aldri keisame. Dei krinsar rundt acid house, breakbeat, electro, afrobeat, afrobeats (ja, dette er to forskjellige sjangrar), og andre funky stilartar der det vert lagt stor vekt på basslinene. På All Hours får vi høyre hennar eigne komposisjonar, og her er det òg dei djupe frekvensane som står i fokus.
Jan Eggum fyller 70 år i desember og markerer det med både bok- og musikkutgjeving.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
På eitt bein
Om ikkje Jan Eggum alltid hadde vore så sta og kontrær, kunne han ha enda som bibliotekar eller lærar. Det siste ville blitt ein katastrofe for alle partar, medan det sterke samlargenet hans kunne funne seg til rette blant bøker.
Radiohead, med gitarist Ed O’Brien (t.v.), Jonny Greenwood, sologitar, Colin Greenwood, bassgitar, Thom Yorke, vokal, og trommeslagar Phil Selwayan, på eit hotellrom i tidlege 2000-år.
Foto: J. Scott Applewhite / AP / NTB
Arkivet: Radiohead
Eg kan ikkje gjere anna enn å spisse øyra når Radiohead løftar fram Kid A (2000) og Amnesiac (2001), og leitar fram og samlar anna materiale frå perioden i ein tredje albumkonstellasjon dei no kallar Kid Amnesiae, «eit minnepalass av halvhugsa og halvgløymt materiale», som det heiter i ei pressemelding, og gir ut det 34 spors store beistet som trippelalbumet KID A MNESIA (med karakteristisk kul omslagskunst ved Stanley Donwood).
Martin Luther (1483–1546) forkledd som «Junker Jörg» på flukt frå keisaren. Portrett frå 1521.
Ånd og ande
Eit klassisk musikkalbum kan setjast saman på ymse vis. Éin måte er å ordna repertoaret slik at det svarar til den opphavlege framføringssituasjonen, noko som er mest aktuelt for verk som i utgangspunktet ikkje var konsertmusikk.
Olga Konkova har gjeve ut ny plate med den faste trioen sin.
Foto: Aronas Photo
Kraft og ynde
Olga Konkova er attende på Losen Records med den faste trioen sin og eit dusin nye låtar etter liveinnspeling på tyske Dreyer Gaido i fjor. Trioen var hjå Vidar Lunden på Musikkloftet i Asker dagen etter at Noreg koronastengde.
Den russiske komponisten Pjotr Tsjajkovskij (1840–1893). Målarstykke frå 1893 av Nikolaj Dmitrijevitsj Kuznetsov.
Tåkete visjonar
Ville verda gått under til tonane av Tsjajkovskijs musikk? Klokka halv seks om morgonen 6. juli 1945 gjekk nedteljinga til den fyrste atombomedetonasjonen i New Mexicos ørken til klangen av strykeserenaden hans, på grunn av ei samanblanding av sivile og militære radiofrekvensar. Verda steig inn i atomalderen med den sorglause tonearten C-dur.
Progressiv musikk om personlege so(r)ger
Heimen er eit Tromsø- og Alta-basert band. Musikken, som dei kallar kunstpop, inneheld element frå pop, tradisjonsmusikk og progrock blanda saman med eit aldri så lite islett jazzinspirasjon. Frontfigur Kari Heimen er både trommis og vokalist og kallar seg ein fornorska same. På plata Historier – Vi hentes hjem (eller på samisk Muitalusat – Mii vižžot ruoktot), som kjem ut i dag, 29. oktober, syng ho på norsk og joikar på samisk.
Arkivet: Nancy Sinatra
Det var i 1966 at Nancy Sinatra gav ut debutalbumet Boots, på Reprise Records, plata som inneheldt superhiten «These Boots Are Made for Walkin’», og plateselskapet Light in the Attic har bestemt seg for å feire det som er eit 55 års-jubileum med ei praktutgåve, der ulike format byr på litt av kvart av ekstramateriale.
Biletet er teke i samband med innspelinga av videoen til «Hippocampus Serenade».
Foto: Erik Hannemann
Åleine med cerebrum
Dei er fantastiske, desse anatomiske plansjane med namn på latin, i alle fall for oss som ikkje treng å lære oss alt saman utanboks, men snarare kan studere dei med avslappa eller nervøs fascinasjon, og utbryte noko slikt som: «For eit organ hjernen eigentleg er!»