Det nye albumet til Beth Orton er i sal frå neste fredag.
Pressefoto
Ortons triumf
Beth Orton står fram som ein revitalisert artist på ei plate som høyrer til mellom årets aller beste.
Arkivet: Tommy McLain
Av og til har desse comebackhistoriene ein eigen sjarm, særleg når ei tilbakevending ikkje skjer med jamne, strategiske mellomrom, eller av reint økonomiske årsaker. Skal ein komme tilbake, må ein nesten først vere borte. Og det var saktens Tommy McLain (f. 1940), som nyleg gav ut I Ran Down Every Dream, den første verkelege plateutgivinga frå den kanten på meir enn førti år (sidan Backwoods Bayou Adventure, 1979). Kanskje finst det lesarar som kjenner McLains eine hit, «Sweet Dreams» (1966)?
Fele, funk og fuglekvitter
Musikken til amerikanske Sudan Archives er inspirert av R&B, sudansk felemusikk, vestafrikanske rytmar og eksperimentell elektronisk musikk. Debutalbumet hennar, Athena, frå 2019 var framifrå; Natural Brown Prom Queen er endå betre.
Sara Baban på scena.
Foto: Leif Gabrielsen
Vegar til å høyre
I Ways of Seeing (BBC, 1979) syner kritikarkunstnaren John Berger korleis representasjon av syn (til dømes oljemåleri og reklame) kan brukast til å konstruere perspektiv, oftast med makt- og profittorienterte siktemål. Teaterstykket med same namn har vekt og avdekt forskrudde høgreekstreme perpektivvridingar med sitt reverserte metanarrativ om overvaking, makt og utanforskap. Men ein detalj som har drukna i det underlege true crime medie- og rettssakssirkuset rundt stykket, er at Ways of Seeing er ein musikal.
H. Hawkline er både biletkunstnar og musikar.
Foto: Heavenly Records
Arkivet: H. Hawkline
Eg hadde aldri høyrt H. Hawkline – eller Huw Gwynfryn Evans, som han eigentleg heiter – før han vandra inn på scena på klubben Mohawk i Austin i Texas i sommar for å varme opp for Aldous Harding (han dukka seinare på kvelden opp igjen i turnébandet hennar). Walisaren introduserte seg, sette seg ned med gitaren og trykte play på teipen bak seg, som fungerte som husband, så gjekk han i gang med opningssongen på I Romanticize (2017), «Means That Much», som etter dette første møtet vart ein sommarfavoritt. Ei fin røyst og ein smart tekst om apati og kjærleik, der det snart nok kjem fram at mannen også er ein stilsikker gitarist.
– Døden, for eksempel, er eg ikkje redd for. Han høyrest spennande ut, seier Sigvart Dagsland.
Foto: Agnete Brun
«Ta på deg treskonå og spring»
Medaas-prisvinnar Sigvart Dagsland er blitt stødigare i sin eigen dialekt og er ikkje redd for noko lenger.
Lyttande samspel
Uli Kempendorff, tenorsaksofon, Julia Hülsmann, piano, Marc Muellbauer, bass og Heinrich Köbberling, trommer.
ECM
Den japanske cembalisten og dirigenten Masato Suzuki.
Foto: Marco Borggreve
Kantete
Dirigenten og cembalisten Masaaki Suzuki grunnla i 1990 Bach Collegium Japan, eit barokkorkester og kor som for fire år sidan fullførte albumserien med alle Johann Sebastian Bachs (1685–1750) kantatar og andre korverk. Innspelingane, som fordeler seg på 65 CD-ar, held gjennomgåande eit imponerande høgt nivå. Mange av kantatane har etter mi meining korkje før eller sidan blitt tolka like overtydande, med stilreine songsolistar og rund og vakker korklang.
I år er det 40 år sidan debutsingelen til Madonna kom ut.
Foto: Wikimedia
Ein fest av ei remikssamling
Madonna blei fødd i 1958, og i år er det 40 år sidan debutsingelen hennar, «Everybody», blei spelt inn. 50 av utgjevingane hennar – inkludert eit heilt album, You Can Dance, i 1987 – har oppnådd nummer-éin-plassering på den amerikanske Billboard Dance Club Songs-hitlista. Finally Enough Love feirar høvet ved å samle remiksar av 16 av desse, og 19. august kjem ei 50 spor lang samling, Finally Enough Love: 50 Number Ones.
The Sadies viser musikalsk breidde på det nye albumet, skriv Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Før og etter rulleteksten
Den nye plata til The Sadies, Colder Streams, skulle vise seg å verte den siste Dallas Good var med på.