David Bowie under konserten i Madison Square Garden i New York 9. januar 1997, då han fylte 50 år.
Foto: Ron Frehm / Ap / NTB
Briljante eventyr
For ein artist han var, David Bowie, så ofte rastlaust på jakt etter å finne opp seg sjølv på nytt og ta det heile i ei ny retning. Det er uråd å tenkje anna i møte med den nye samlinga Brilliant Adventure (1992–2001), som dokumenterer ein noko ujamn periode i artistens liv. Og likevel, for nokre høgdepunkt! Her dundrar «I’m Deranged» (1995) ut av høgtalarane igjen, med Mike Garsons fortryllande pianovirtuositet, låten som er mørk nok til at David Lynch lét han opne Lost Highway (1997).
Mats Eilertsen har skrive alle komposisjonane på det nye albumet som kjem ut i dag.
Foto: CF Wesenberg / matseilertsen.com
Hymne til håpet
Tore Brunborg, saksofon; Thomas Dahl, gitar; Mats Eilertsen, bass; Hans Hulbækmo, trommer.
Hemli / Tiger Records
Grip tak i sjel og dansefot
Diana Ross er kjend frå Motown-bandet The Supremes og for songar som «I’m Coming Out», «Ain’t No Mountain High Enough» og «Upside Down». Thank You, spelt inn under koronanedstengingane i 2020, er det 25. albumet til den 77 år unge artisten.
Courtney Barnett er klar for verda med album nummer tre.
Foto: Mala McDonald
Ting tek tid
Det er morgon. Ein stol vert dregen bort til vindauget slik at ein kan studere gatelivet, der søppelbilen skranglar forbi og ein forelder lærer eit barn å sykle: Slik er den enkle kvardagsskildringa som dreg i gang Courtney Barnetts nye album, det tredje, Things Take Time, Take Time. Derfrå leier opningssporet «Rae Street» oss over i ein refleksjon rundt evna enkeltmennesket har til handling og endring. Velmeinte ord spelar inga rolle frå eller til, syng Barnett, «unless we see some change», og følgjer opp i neste verseline: «I might change my sheets today.»
Sensasjonelle opptak
John Coltrane og Pharoah Sanders, tenorsaks og perkusjon; Carlos Ward, altsaks; McCoy Tyner, piano; Jimmy Garrison og Donald Rafael Garrett, bass; Elvin Jones, trommer. Impulse!
Ingenting kan stoppe meg no
Ingenting kan stoppe meg no, heiter det i refrenget på «Light Blue», eit av høgdepunkta på Valentine, den nye plata frå Snail Mail. Songen er sett frå perspektivet til eit menneske som står ved eit skilje. Herfrå er det ingen veg tilbake no. Den stillferdige songen varer berre to og eit halvt minutt, men det er alt Lindsey Jordan treng. Når det stilnar frå høgtalaren, får du lyst til å høyre låten ein gong til.
DJ Anz byr på eigne komposisjonar på det nye albumet.
Pressefoto
Smittande positivitet
Den britiske DJ-en og musikkprodusenten Anz er basert i Manchester. Ho spelar spretten klubbmusikk på den frie internettradiokanalen NTS éin laurdag i månaden, og DJ-setta hennar er aldri keisame. Dei krinsar rundt acid house, breakbeat, electro, afrobeat, afrobeats (ja, dette er to forskjellige sjangrar), og andre funky stilartar der det vert lagt stor vekt på basslinene. På All Hours får vi høyre hennar eigne komposisjonar, og her er det òg dei djupe frekvensane som står i fokus.
Jan Eggum fyller 70 år i desember og markerer det med både bok- og musikkutgjeving.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
På eitt bein
Om ikkje Jan Eggum alltid hadde vore så sta og kontrær, kunne han ha enda som bibliotekar eller lærar. Det siste ville blitt ein katastrofe for alle partar, medan det sterke samlargenet hans kunne funne seg til rette blant bøker.
Radiohead, med gitarist Ed O’Brien (t.v.), Jonny Greenwood, sologitar, Colin Greenwood, bassgitar, Thom Yorke, vokal, og trommeslagar Phil Selwayan, på eit hotellrom i tidlege 2000-år.
Foto: J. Scott Applewhite / AP / NTB
Arkivet: Radiohead
Eg kan ikkje gjere anna enn å spisse øyra når Radiohead løftar fram Kid A (2000) og Amnesiac (2001), og leitar fram og samlar anna materiale frå perioden i ein tredje albumkonstellasjon dei no kallar Kid Amnesiae, «eit minnepalass av halvhugsa og halvgløymt materiale», som det heiter i ei pressemelding, og gir ut det 34 spors store beistet som trippelalbumet KID A MNESIA (med karakteristisk kul omslagskunst ved Stanley Donwood).
Martin Luther (1483–1546) forkledd som «Junker Jörg» på flukt frå keisaren. Portrett frå 1521.
Ånd og ande
Eit klassisk musikkalbum kan setjast saman på ymse vis. Éin måte er å ordna repertoaret slik at det svarar til den opphavlege framføringssituasjonen, noko som er mest aktuelt for verk som i utgangspunktet ikkje var konsertmusikk.