JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Den 24. februar 2022 gjekk Russland til angrep mot Ukraina. Dette var ei eskalering av konflikten som tok til i 2013-2014, då separatistar tok kontroll over Luhansk og Donetsk fylke og Krymhalvøya vart annektert av Russland. Ukraina har fått våpenhjelp av Nato-land, inkludert Noreg. DAG OG TID følger krigen nøye, og skribentane våre bidreg med reportasjar, kommentarar og analysar. Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, og Halvor Tjønn, journalist, forfattar og fast skribent i DAG OG TID, bidrar med politiske analysar. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har skrive om situasjonen i Ukraina under krigen.

Sjakk har blitt ein populær sport i Noreg på grunn av suksessen til Magnus Carlsen. DAG OG TID skriv om viktige turneringar som Carlsen deltek i, og små forteljingar frå sjakkverda. I DAG OG TID skriv Atle Grønn ei fast sjakkspalte som heiter «Frå sjakkverda», verdas einaste sjakkspalte utan sjakktrekk. I spalta skriv han om sjakk frå ulike innfallsvinklar. Les Atle Grønns spalte nedanfor, og andre artiklar og nyhende frå sjakkverda.

Klima og miljø er høgt prioritert på den politiske dagsordenen. Klimaendringar, naturkatastrofer og konfliktar heng tett saman. Regjeringa er forplikta til å følgje EUs klimamål og redusere norske utslepp med 55 prosent innan 2030.
DAG OG TID følgjer klimaproblematikken både nasjonalt og internasjonalt. Journalistane og skribentane i DAG OG TID skriv om klima med ulike innfallsvinklar. Per Anders Todal er oppteken av miljø, natur og klima, og korleis problemstillingar knytte til desse temaa verkar inn på kvarandre og samfunnet i heilskap. Jon Hustad skriv om klimaspørsmål frå eit politisk og økonomisk ståstad, til dømes korleis klima verkar inn på energi og straum. Les artiklar om klima og miljø nedanfor.

I Dag og Tid skriv fleire av skribentane våre om mat og matproduksjon. Dei har alle ulike tilnærmingar til temaet. Dagfinn Nordbø skriv spalta «Matmonsen», ei humorisktisk spalte om eigne matopplevingar. I spalta hans kan du også få gode middagstips. «Innsida» er ei anna spalte der ulike skribentar bidreg kvar veke. Ein av dei, Arne Hjeltnes, reiser rundt og besøker norske matprodusentar og set av fast plass i spalta si til norske matskattar. Siri Helle skriv om matproduksjon og matpolitikk i spalta «Frå matfatet». Helle er utdanna agronom og skriv også om ulike matvarer, plukkar frå kvarandre ingrediensane og samanliknar produkt. Les artiklane nedanfor.

DAG OG TID skriv om Russland og tilhøvet mellom Noreg og Putin-regimet. Journalistane og skribentane våre skriv om russisk utanrikspolitikk, russisk språk og kultur. Eit viktig tema knytt til Russland er krigen i Ukraina. I avisa vår kan du lese kommentarar og artiklar om krigføringa og retorikken knytt til han. Mellom anna trykker DAG OG TID russiske nyhende, slik at lesarane våre får kjennskap til kva informasjon russarane har tilgang til. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har tidlegare rapportert direkte frå Ukraina. Halvor Tjønn følgjer utviklinga mellom Russland og Europa, Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, kommenterer globale konfliktar der Russland er involvert. Fleire av podkastepisodane våre har også handla om Russland. Omsettar Marit Bjerkeng fortel om russisk språk og kultur, journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, er intervjua om uavhengig journalistikk i Russland, og Halvor Tjønn har ved fleire høve vore gjest. Alle episodane finn du her.

På grunn av den globale energikrisa har straumen blitt dyrare. Folk flest merkar at straumrekningane auker med tusenvis av kroner. Samstundes aukar prisane på matvarer og transport. DAG OG TID skriv med jamne mellomrom om situasjonen og tiltaka frå regjeringa og næringslivet. Mellom anna skriv DAG OG TID-journalisten Jon Hustad om utfordringane og bakgrunnen for straumkrisa og kva konsekvensar dei auka straumprisane har på samfunnet. Han har også sett på energibehovet i framtida og skrive artiklar om den grøne vendinga. Straumkrisa har vore tema i DAG OG TID-podkasten. Lytt til episoden «Energiåret 2022 med Jon Hustad» her. Artiklar om straum, energi og kraft kan du lese nedanfor.

DAG OG TID skriv om ulike sider ved Ukraina og tilhøvet til Nato og Europa. Størst tyngd har krigen fått. Krigen i Ukraina tok til 24. februar 2022, og journalistane og skribentane våre følgjer situasjonen tett. Cecilie Hellestveit er ekspert i folkerett og bidreg med analysar og kommentarar. Halvor Tjønn skriv om korleis det ukrainske tilhøvet til Russland, Europa og EU endrar seg. Han set også den noverande situasjonen i eit historisk perspektiv. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov skreiv fleire reportasjar frå Ukraina det første året av krigen. Redaktøren i DAG OG TID, Svein Gjerdåker har besøkt Ukraina etter krigsutbrotet og har skrive frå reisene. I DAG OG TID-podkasten kan du også lytte til tema om Ukraina. Høyr mellom anna intervjuet med forfattar Andrej Kurkov eller lær meir om bakgrunnen for krigen i episoden «Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?» Les artiklar om Ukraina nedanfor.

Økonomi har innverknad på alle lag og funksjonar i samfunnet. DAG OG TID publiserer nyhende om finansmarknaden og konsekvensane av økonomiske svingingar. Vi analyserer statsbudsjettet og finanspolitiske tiltak frå regjeringa, men ser også på endringar i næringslivet og på børsen i eit internasjonalt perspektiv. Journalist i DAG OG TID Jon Hustad skriv om økonomisk politikk. Mellom anna ser han på rentepolitikk, grunnrente og statsbudsjettet.
Les artiklar og kommentarar om norsk og internasjonal økonomi nedanfor.

« 1 ... 5 6 7 8 9 10 »
Sigrid Merethe Hanssen fekk Blixprisen for novellesamlinga ho debuterte med i 2007. Etter det har ho skrive fleire bøker i ulike sjangrar.

Foto: Lena Sørensen

Saknar pust

Eg møter Sigrid Merethe Hanssens andre roman Kom ei jente gåande med ein viss ambivalens. Litt slik eg møter frukta mango: Det hadde vore godt, hadde det ikkje vore for at det var så vondt. Eg skal forklare meg med éin gong: Hanssen etablerer ei historie det er lett å fatte interesse for, sidan ho kjem til syne litt etter litt – vi puslar saman ulike scenario.

IngvildBræin
Asbjørn Stenmark er forfattar, busett i Stjørdal.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

Fetteren til Odradek

Krill er vanlegvis namnet til eit lite krepsdyr og favorittmat hjå bardekvalar, men i den litterære verda til Asbjørn Stenmark er det vanlege suspendert, og Krill er ein slags person. Rett nok vert han ved eitt høve mellombels kvalmat, men i kvalmagen møter han eit par fiskar og ein gamal profet, og der inne i kvalen har dei slikt å gjera: «Dagene fordrives med bordtennis og diskusjoner om hvorvidt det er legitimt å si nei til livet.»

Odd W.Surén
Ann-Helén Laestadius er forfattar og journalist, frå Kiruna i Sverige.

Foto: Thron Ullberg

Noko er rote på Nordkalotten

Laestadius har tidlegare skrive barne- og ungdomsbøker. Det er kanskje barneportretta som er det aller sterkaste kortet også i Stjålet, den første vaksenromanen hennar. Forfattaren har elles ei sikker hand om spenningsoppbygging og personkarakteristikkar, i ei bok med eskalerte konfliktar og ein dramatisk nerve som gjer at ho stundom tenderer mot krimsjangeren.

HildeVesaas
Michel Houllebecq vert rekna som ein av dei viktigaste samtidsforfattarane. Han kombinerer samfunnskritikk med eksistensielle spørsmål.

Foto: Francois Berthier / Getty Images / Cappelen Damm

Det vonde i historia

I etterordet til den nye roman Tilintetgjøre hintar Michel Houellebecq om at det kan vere hans siste. Det er inga uvanleg melding frå aldrande suksessforfattarar, men noko ein lyt ta med ei klype salt.

KajSkagen
Kristian Klausen debuterte med ei novellesamling i 2008 og har vore nominert i fleire priskategoriar for romanane sine.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

Fortid til ettertida

Kristian Klausen skriv rikt og tankevekkande om to menneske som på ulikt vis går og ber på seg sjølv.

IngvildBræin
Sara Johnsen er både forfattar og filmskapar.

Foto: Julie Pike

Brende barn av
ei øydelagd jord

Det er ein trend blant nokre av våre mest aktuelle forfattarar å skrive dystopiar, noko dei to siste åra med pandemi sjølvsagt har forsterka. Dette er ikkje science fiction om liv på klodar lysår frå vår eiga i ei fjern framtid, men skildringar av ein realitet tett opp mot vår eigen. Alt er likevel vridd til nokre hakk, slik at dei fiktive karakterane kjem i ein enda større skvis enn den vi sjølve står i.

HildeVesaas
Ulla Svalheim er kritikar og redaktør for BLA – Bokvennen Litterære Avis.

Foto: Gyldendal

Tru og tvil

Ulla Svalheim er fødd i 1991 og kjem frå Tvedestrand i Aust-Agder. Ho har med andre ord vakse opp innanfor bibelbeltet, og Bibelen og eit kvardagsnært kristenliv dannar ei grunnline i debutromanen Til troende, der vi møter 16-årige Bie Veronika og familien hennar. Handlinga er lagd til eit lite grendelag ved kysten nokre sommarveker, kronologisk fordelt over 62 korte kapittel, litt tilbake i tid mens planlegginga av firefelts motorveg (E18) skapte engasjement og motstand i mange lokalsamfunn langs traseen. Naturvern og miljøvern var sentrale ankepunkt.

OddmundHagen
Benedicte Meyer Kroneberg har skrive fleire romanar sidan debuten i 2010.

Foto: Liv Øvland

Minne i stein

Grunnfjellet er ikkje utstyrt med dei rikaste talegåvene. Det buldrar litt no og då, og stundom hender det at ein fjellvegg er reine hermegåsa, men det skortar på artikulasjon. I Svalbardnotatene av Benedicte Meyer Kroneberg er det stundom annleis. Der kjem sjølvaste Svalbard til orde no og då, i innleiinga til kvar av dei fire bolkane som utgjer romanen.

Odd W.Surén
Sara Sølberg vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for debuten i 2016.

Foto: Baard Henriksen

Ein dødsdans

Da Sara Sølberg (f. 1983) debuterte med romanen Seismiske smell i 2016, blei ho fort lagt merke til i det litterære miljøet: Ho blei nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris, og i 2017 var ho den første til å få Noregs teknisk-naturvitskaplege universitets litteraturpris som annakvart år går til eit faglitterært eller eit skjønnlitterært verk.

OddmundHagen
Atle Berge er utdanna journalist og  arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum.

Foto: Gry Traaen

Diskurs og diskrepans

Då eg gjekk på skulen, var det eitt element i karakterboka eg tidt ergra meg over, og det var karakteren i orden og åtferd. Sjølv når det stod «Særs god», visste ein ikkje heilt kva ein hadde gjort, berre kva ein hadde klart å halda seg unna.