Eva Aagaard er utdanna journalist og debuterte som forfattar i 2019.
Foto: Nicolas Tobias Folsgaard
Usynlege sår
Eva Aagaard (f. 1988) er dansk, men ho skriv både på dansk og på norsk etter å ha studert ved Skrivekunstakademiet i Bergen, og ho gir ut parallelt i Danmark og Noreg. Ho debuterte i 2019 med romanen Døtre på Tiden på Gads Forlag i København. No har ho gått til Bonnier her til lands, men er framleis på Gads. Jeg vil ikke det her er den danske tittelen på romanen.
Romandebutanten Robin Van de Walle er oppvaksen i Belgia og bur i Bergen.
Foto: Helge Skodvin
Språk og identitet
Eg meinte å melde Robin Van de Walles debutroman Han, solo før jul, men så fekk eg plutseleg korona og måtte stenge ned, og når Van de Walle skriv med pandemi og nedstenging som bakteppe, tenkjer eg at da har vi i det minste noko felles. Felles har vi også valet av nynorsk som skriftspråk, minoritetsspråket. Sjølv kjem Van de Walle frå den flamske minoriteten i Belgia, slik at han på ein måte koplar seg til ein dobbel minoritetsbakgrunn når han reflekterer kring språk, heimstad og identitet, og som skeiv har han enda ei minoritetskopling i bagasjen.
Vegard Sæteren debuterte med ei diktsamling i 2017 og har sidan gjeve ut to romanar.
Foto: Heidi Furre
Fanga i livet
Av og til dukkar det opp bøker som med stor suggererande kraft fører lesaren inn «på ein våg me ikkje har visst um». Ei slik bok har Vegard Sæteren (f. 1982) skrive, og sjølv om Jeg vil ikke reddes er den tredje boka hans sidan debuten i 2017, skal eg ærleg innrømme at forfattarskapet hans har gått meg hus forbi. Det kan vere fordi han gir ut på vesle Flamme Forlag, og det kan vere fordi bøkene hans knapt er omtalte i media.
Øivind Hånes har skrive ei rekkje faktabøker i tillegg til den skjønnlitterære forfattarskapen.
Foto: Knut Bry
Jernbanesår i barneår
«Og det man kan gjøre når som helst er det sjelden man gjør.» Så står det å lesa i den fine nye romanen til Øivind Hånes, Det tomme toget, der me møter ein seks år gamal gut i 1966, på togreise med far sin frå Oslo til Røros ei laurdagsnatt i juli, der dei to heile tida er åleine på toget. Togreisa er slikt ein jo kan gjera når som helst, og det er just slike ting denne boka handlar om, stort sett, for sjølv om rammeforteljinga finn stad natt til sundag, er det helst kvardagane som stig fram i teksten.
Eivind Hofstad Evjemo fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen som kom ut i 2009. Han skriv òg dikt.
Foto: Julia Naglestad
Flimrande og innfløkt
To gonger sidan 1964 er Tarjei Vesaas’ debutantpris blitt delt mellom verdige kandidatar: i 1995 mellom Harald Rosenløw Eeg og Tore Renberg, i 2009 mellom Kjersti Annesdatter Skomsvold og Eiving Hofstad Evjemo. Alle er i dag godt etablerte med spennande forfattarskap; for dei to yngste sin del enno i startfasen.
Zeshan Shakar fekk nyleg Bokhandlerprisen for den nyaste romanen.
Foto: Erika Hebbert
Eg er ingen, eg er alle
Som så mange andre norsklærarar brukar eg romanen Tante Ulrikkes vei i undervisninga. Romanen har gjort Zeshan Shakar til ein av våre mest skatta forfattarar, og han engasjerer kvar gong. Etter den litt svakare Gul bok er forfattaren fullt ut attende med De kaller meg ulven, som nyleg gav han Bokhandlarprisen.
Martin Steen Tensli er lege, spesialist i psykiatri og forskar. Han debuterte som forfattar i 2018.
Foto: Thomas Brun
Dobbeldans i psykosekroken
Tida er til, uhandgripeleg, men målbar, stundom irriterande, og ender og då lækjande. Me reiser alle i tida, men for det meste i same tempo og retning. I den nye boka til Martin Tesli, eit framhald av den gamle, vert det gjort ei slags tidsreise 500 år attover i tid, på ein måte konkret, på ein annan måte abstrakt.
Carl Henrik Berge har studert litteraturvitskap og journalistikk og gått på Skrivekunstakademiet.
Foto: Ida Gøytil
Ordas salt
Litt uærbødig, kanskje, men eg må tenke på det mor mi sa til meg då eg var lita og gjorde grimasar: «Ikkje gjer slik, du kan bli slik», når eg opnar Carl Henrik Berges debutroman Saltstøttens sønn og finn at fleire personar er forvandla til saltstøtter. Har dei ikkje høyrt på mor si? Men lenger enn det kan eg ikkje trekke den assosiasjonen, for i denne romanen er det verken plass til grimasar eller til å vere uærbødig.
Gøhril Gabrielsen har skrive sju romanar, debuten i 2006 medrekna. Tre av bøkene er omsette til fleire språk.
Foto: Heidi Furre
Havet gir og havet tar
Dei siste åra har klimaet blitt det store temaet i samtidslitteraturen, med Maja Lunde i spissen, i selskap med Carl Frode Tiller, Sara Sølberg, Bjørn Vatne, danske Theis Ørntoft og svenske Kerstin Ekman, for å nemne nokre namn.
Mazdak Shafieian har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og er utdanna litteraturvitar frå Universitetet i Bergen.
Foto: Julie Pike
Kroppar i stålregn
Forteljinga om den einskilde kjem sjeldan til syne på yta. Det veit kvar og ein om seg sjølv, men ein gløymer det fort når det gjeld andre. Ei av oppgåvene til litteraturen er å levera bidrag til protokollen over opplevinga av å vera eit menneske. I vår fredelege del av verda har slike bidrag sjeldan samanheng med store verdshendingar, men mellom oss finst det folk med ekstreme røynsler, og ein av dei er forfattaren Mazdak Shafıeian frå Iran. Han har budd lenge i Noreg og skriv framifrå på norsk, men i den nye boka hans er det røynslene frå barndommen i Iran, under krigen mellom Iran og Irak, som er temaet.