Abe Turner
Abe Turner (1924–1962) mot Bobby Fischer (1943–2008).
Fotograf ukjend
Også ein einstøing som Bobby Fischer måtte ha litt menneskeleg kontakt. I ettertid har 20–30 amerikanarar kjempa om å vera den som stod Fischer nærast, som sjakkven eller medmenneske.
Ein som ikkje kunne ta del i det kapplaupet, er Abe Turner. Turner var ein godsleg og noko eksentrisk sjakkspelar. Han var langt meir harmlaus enn den internasjonale meisteren Raymond Weinstein, kameraten hans som i ung alder vart fengsla for drap.
Turner lærte sjakk seint, nitten år gamal, på eit krigssjukehus i 1943. Men han hadde positiv score mot Fischer (to sigrar og ein remis i seriøse parti i 1956–1958). Han levde som halvprofesjonell og vann småpengar i kafésjakk, der han hadde sine faste «klientar». Han kalla ein av New York-kafeane for «kontoret» sitt. I helgane trekte han seg attende og skreiv (saman med stormeister Larry Evans) absurde skodespel à la Ionesco med titlar som «Et hestar kjøt?»
Som spelar var Turner kjend for sitt «sitje-flesk», evna til å sitja tolmodig og venta på ein feil frå motstandaren.
Turner var ganske nøgd med livet. I ein spørjeleik på amerikansk TV med legendariske Johnny Carson vart han intervjua:
– Om eg miste 10 kilo, ville eg kunne slå kven som helst i verda.
– Kvifor ville det hjelpa deg i sjakkspelinga? Kvifor slankar du deg ikkje?
– Eg et ikkje så mykje. Men eg drikk mykje brus.
– Kva gjer du for å slappa av?
– Eg går i dyrehagen. Eg likar å sjå på apane. Eg kjenner meg overlegen, det gjer meg godt.
Turner likte ikkje å arbeida og burde aldri ha teke seg arbeid. Han sa likevel ja til ei stilling i sjakktidsskriftet Chess Review i 1962. Etter berre to veker på jobb vart han drepen, 37 år gamal, av kollegaen Theodore Smith. «Eg handla på ordre frå FBI. Turner var spion for kommunistane», sa Smith og vart send til mentalsjukehus.
For Fischer var Turner ein farsfigur, mentoren hans i sjakkverda. 19 år gamle Fischer vart så oppskaka av drapet at han søkte trøyst i Worldwide Church of God. Denne sekta vart ei ulukke for Fischer. Den geniale amerikanaren vart rett nok verdsmeister i 1972, men så forsvann han frå sjakken og inn i eit stort mørkt hòl.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den 17. verdsmeisteren, Ding Liren, i godt humør i lag med den 13. verdsmeisteren, Garri Kasparov, under ei turnering i Romania denne veka.
Foto: Lennart Ootes
Ding XVII
I siste parti fekk vi sjå Ding Liren briljera med eit mot som fyrst såg ut som rein hybris.
Foto: Stev Bonhage
Kinesisk visdom