Andre tider
Prestar må finne seg bustad på lik line med andre som vert tilsette og skal flytte til Kvam. Her frå Vikøy prestegard.
Foto: Ina Backer / Riksantikvarens Kulturminnesøk
Lokalavisa Hordaland Folkeblad kan 6. desember fortelje om den nye soknepresten til Vikøy og Strandebarm, Vetle Karlsen Eide.
Han må finne bustad på eiga hand, seier overskrifta på artikkelen.
Det er ikkje lenger buplikt for prestar. Prestar må såleis finne seg bustad på lik line med andre som vert tilsette og skal flytte til Kvam, slår prosten i Hardanger og Voss prosti fast.
Tilflytte prestar må sjølv kjøpe hus i heradet.
Bustader som gamlepresten leigde i heradet, trengst til andre i heradet som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, slår rådmannen fast.
Presten er komen i bustadkø.
Situasjonen er ikkje ny. Tenesteordninga med bustad vart avvikla i 2017, og sidan har prestane måtta finne bustad sjølve.
Så langt har den nye presten til Vikøy og Strandebarm ikkje lukkast med det, fortel den huslause presten.
Og det renn meg i minnet ein dag sist på femtitalet. Eg var student og fekk lyst til å gå i Stortinget for å høyre kva dei dreiv med.
Det var spørjetime, og representanten Hjalmar Storeide, ein prest frå Hordaland som sat på Tinget for Arbeidarpartiet, ville vite kva statsråden ville gjere med det triste faktum at takrennene på prestegardane var i elendig stand. Regnvatnet frå taket rann i hytt og vêr og hamna kvar som helst.
Statsråd Bergersen lova at departementet skulle sjå på saka.
Og eg rusla litt forundra tilbake til lesesalen.
Noko har hendt. Takrennene på prestegardane er ute av Stortinget.
Den sosiale statusen til prestane er endra, som posisjonen i samfunnet er det for kyrkja. Ho er ikkje så sentral som ho ein gong var. Færre døyper seg der, og færre gifter seg der.
Tradisjonelt var prestegarden av dei beste gardane i bygda og gav bra avkasting til levemåten for presten. Drifta var det gjerne ein forpaktar som tok seg av.
På prestegarden heime var det to bustadhus: det fine for presten og det enkle for forpaktaren.
Så er altså prestelivet normalisert. Den tilflytte presten må skaffe seg bustadlån som andre i bygda.
Kyrkja er ikkje så sentral i samfunnet som ho ein gong var. Og presten er då ikkje lenger den sentrale figuren i mykje av det som hender.
Lenge var presten fast formann i det lokale skulestyret. Kyrkja hadde eit tradisjonelt og nært forhold til skulen. Det er det slutt med.
Når dagens prest sit over skrifta og førebur preika til høgmessa komande søndag, kan han nok, som vi andre, bli forstyrra av ein uroleg tanke om rentenivået på bustadlånet sitt. Om det då ikkje er den plaskande lyden frå takrennene som plagar han, der vatnet finn sine eigne vegar som vatnet brukar gjere.
Å vere prest har aldri vore eit sorglaust liv. Tvert imot var presten den som måtte hjelpe andre i deira sorg.
Men renta og takrennene er problem gamleprestane visste mindre om.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
USA fekk fjerna sosialisten Salvatore Allende (t.h.) frå presidentembetet i Chile. General Pinochet var meir å lite på, meinte dei.
Foto: Enrique Aracena / AP / NTB
Stormakter bruker makt
Fjøskontrolløren fra Aktiemeieriet vitjar gardsnummer 3006, bruksnummer 4 Søndre Småberg. Her er han (unemnd, i vest med kvit skjorte), fotografert sammen folka på garden kring 1930.
Foto: Varteig Historielags fotosamling
Så juksar me litt