Kapitalen knurrar
Frå kysten av Guernsey, som ofte vert omtalt som eit skatteparadis.
Foto via Wikipedia
Norske kapitalistar er urolege for norsk kapitalskatt av ulike slag. Dei rømmer landet. I fjor vart likningsverdiar for 36 milliardar kroner flytte frå Noreg til Sveits, fortalde Dagens Næringsliv 9. januar i år. Og dei tok med seg 700 millionar i skattekroner til stat og kommune. Dei millionane må erstattast av andre skattebetalarar.
Det er dei rikaste som flytter pengane sine. Kapitalen er internasjonal, flyttbar og fedrelandslaus.
At statane slit med å handtere kapitalen, er ingenting nytt. Det ligg i kapitalens natur å krevje avkasting og profitt, og å ha arbeidsvilkår som fremjar det.
Den politiske kunsten er å skattlegge han så mykje at det gjev pengar i slunkne offentlege kassar, men ikkje så mykje at han rømmer landet. Det blir ein vanskeleg balansegang.
Statane har vanskeleg for å bli samde med kvarandre om sams reglar for å halde auge med kapitalen. Å gjere seg lekker for kapitalen er ein måte å fiske på, å få kapital til landet.
Det moderne Noreg vart delvis bygt av framand kapital. Den norske jernbanen starta med engelsk kapital. Norsk Hydro med fransk og svensk. Internasjonalt blir det då ein konkurranse om å gjere seg lekker for kapitalen, med mjuke og tøyelege skattereglar. Nokre mindre statar og lokalsamfunn blir vinnarar i denne konkurransen.
Internasjonale medium har siste åra lagt ned eit stort arbeid i å avdekke kapitalstraumen mot slike samfunn.
Sveits har alltid vore ei hamn for kapital som søker tryggleik. Andre land dukkar opp, som Panama, som med gode skattereglar dreg til seg svære kapitalmengder. Dublin vart for nokre år sidan eit internasjonalt kapitalsenter, av same grunn. Mange finansselskap har funne ut at øya Guernsey er ei god adresse å ha.
Medieavsløringane har vist at rikfolk verda over leitar seg fram til dei lette skatteregima. Kjende namn dukkar opp.
Ei skilsmisse her i landet for nokre år sidan avslørte store bortgøymde pengesummar hos «tantene i Sveits».
Arbeidsvilkåra for kapitalen er eit sentralt stridsspørsmål i alle demokratiske land. Lønnsoppgjera handlar om korleis verdiskapinga i samfunnet skal delast mellom kapital og arbeid. Skattereglane handlar også om det.
Arbeidarane kan streike. Kapitalistane kan rømme landet, som nokre av dei no gjer. Eller dei kan flytte til andre bygder, der skattefuten er mildare. Skikongen Bjørn Dæhlie flytte nordover, til Bø i Vesterålen, der han vart varmt motteken. Det tok ikkje lang tid før han tusla seg heim att.
Sovjetunionen fann si løysing for å halde kapitalen under statleg, politisk styring. Staten overtok kapitalen. Statskapitalisme vart rådande lære og praksis. Dette systemet er ført inn i historiebøkene som ekstremt mislukka. Det skapte korkje velstand eller fridom, to hovudprodukt frå velfungerande statar.
Kapitalen er ikkje lett å handtere. Og at han knurrar, som han gjer hos oss akkurat no, er nok normaltilstanden hans.
Historia ser ut til å vise at han må temjast. Med måte.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Naturen og geografien spela ei rolle for maktspreiinga på Vestlandet, med ringe vilkår for samfunnsparasittar som arbeidsfolk i rikare strok måtte dragast med.
Tordenskjolds soldatar
Forboden 17. mai-feiring på ei utmark på Hauskjeheia på Finnøy i 1940.
Johannes Austbø / Digitalt Museum
Ut med utmarka