Syngja på siste verset
Songstemnet til fuglane er i full gang no, og det er ikkje berre fuglane i songarfamilien som syng. Fuglesongen ymsar, eller som ordtaket seier: Kvar fugl syng med sitt nebb. Slik er det med folk òg. Nokre syng reint, andre syng falskt, nokre syng av full hals og tek gjerne rolla som føresongar, andre nøyer seg med å nynna. So har me dei som syng både i kor og i dusjen, og dei som tykkjer at allsong er pinsamt.
Syngja er eit gamalt verb som er lett å kjenna att i andre germanske mål. Me har til dømes svensk sjunga, tysk singen og engelsk sing. Å finna slektningar til syngja og song utanfor germansk er vanskeleg. Det kan henda at gresk omphe (‘guddomleg røyst, orakel’) høyrer til her. Elles har me nokre verb som ligg nær syngja i tyding, til dømes kveda («ei halvkveden vise», jf. kvede, omkvede, kvad). Kveda tydde opphavleg ‘seia’, men vert i dag helst bruka i avgrensa tydingar som ‘syngja stev eller folkeviser’.
Å setja i å syngja eller kveda kan vera beint fram farleg, i alle fall om me skal tru dagboka til Absalon Beyer, ein attergangar i denne spalta. Den 12. oktober 1562 skriv han om ein tysk skreddar som vart drepen av ein «bysseskyttere» på grunn av song: «skredderen hafde köbt sig j kanne öl, och begynte at quede, huilked den anden ei vilde fordrage, di stod hand fraa bordet (…), drog saa veried och hug honnom offuer hoffuedt.»
Det står ikkje noko om kva skreddaren song, men dersom me sjølve kjenner trong til å bryta ut i song, kan me til dømes velja mellom voggesongar, kampsongar, jolesongar og nasjonalsongar. Ei anna løysing er å setja på ei plate med ein yrkessongar og syngja med. Dessutan kan me lovsyngja Herren og koma med ein lovsong (eller høgsong) til våren – og me kan gjera det utan å syngja.
For det hender at syngja og song viser til ytringar eller vanleg tale. Klagesongen treng ikkje vera sungen, og «syngja ut» kan brukast om å seia meininga si klårt og tydeleg. Og som me veit: «Mett og svolten syng ikkje same visa.» Sambandet mellom song og dikting er gamalt og nært, og me kan fint bruka syngja i tydinga ‘dikta’: «Poeten syng om naturen.» Nokre har eit talemål som vert oppfatta som syngjande. «Du syng når du snakkar», kan folk seia. Om me ikkje likar å få slike kommentarar, kan me slå i bordet so det syng.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Med auge i magen: Kyr med slike «augehol» i vomma bidreg til forskinga på meir klimavenlege kyr. Her er kronprinsparet på besøk ved NMBU på Ås.
Foto: Lise Åserud / NTB
Klimamjølk
Hovudbibliotekar Keith Moore viser fram det originale teleskopet til Isaac Newton frå 1672 i Det konglege vitskapsakademiet i London.
Foto: Lefteris Pitarakis / AP / NTB
Ein historisk ruinpark