JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Nok eit oppkjøp

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1575
20220916
1575
20220916

Gyldendal har kjøpt 50,1 prosent av forlaga Pax, Dreyer, Spartacus og Press. Som i avisverda hamnar dei mindre forlaga i dei store konserna til slutt. A-media og Schibsted kjøper dei små avisene – dei store forlaga kjøper dei små forlaga.

Grunngjevinga er dei klassiske vendingane som «å forene den kreative kraften i små, kvalitetsbevisste miljøer, med rasjonaliseringsgevinsten og løftekraften som en større samlet enhet vil kunne gi ved gjensidig integrering», som sjefen i Press, Håkon Harket, seier det.

Dei fire forlaga er kvar for seg viktige sakprosaforlag som gjerne må samarbeida meir enn dei alt gjer i dag. For å tena pengar på sakprosabøker er ikkje lett. Ikkje minst fordi det kjem ut for mange bøker – og dei gode og viktige bøkene forsvinn lett i den store mengda.

Problemet er oppkjøpet til Gyldendal. For over tid har slike oppkjøp ein tendens til å verta ein integrert del av morselskapet. Det er uheldig. For det er eit gode at flest mogeleg forlag har klare og ulike eigarstrukturar.

Og på same måte som Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad ikkje burde vore ein del av Schibsted, og Amedia ikkje burde eigd ein haug med region- og lokalaviser, burde ikkje Pax, som starta som eit forlag for den radikale venstresida, vore eigd av Gyldendal eller nokon andre av dei fire store forlagshusa.

Romantikk? Kanskje. Men over tid har slike samanslåingar, trass alle gode intensjonar, ein tendens til å gjera alle meir like. Oppkjøpa fører til straumlineforming og utvisking av skilnader. Det er ikkje vi som lesarar tente med.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis