Boktrykkjar med romanbibliotek
Dei elendige. Gyldendal gav ut Les Misérables av Victor Hugo på bokmål i 1930. Tre år etter kom Johansen & Nielsen med første delen, Dei bannstøytte, omsett av Idar Handagard. Musikalversjonen sette Det Norske Teatret opp i 1988.
Foto: Det Norske Teatret
To typografar i Kristiania skipa Johansen & Nielsen Boktrykkeri hausten 1901. Dei var med og skipa Bladkompaniet i 1915 og laga Nynorsk romanbibliotek.
Albert Johansen (1871–1933) frå Sem i Vestfold hadde i fleire år drive Oslo Prenteverk og trykt Den 17de Mai. Rudolf Nielsen (1864–1955) frå Oslo hadde vore faktor hos Olaf Huseby. Dei handla som dei meinte, så før eit stort møte i Studentmållaget om Karlstad-avtalen hausten 1905 trykte Johansen 5000 flygeblad for eigen kostnad. Han gav også gjerne råd til dei som ville skipe nye aviser og blad, eller utvide drifta.
Johansen & Nielsen blei eit av dei største trykkjeria i landet og sysselsette på det meste 90 personar. Kor mange bøker, blad og aviser trykkjeriet produserte, veit ingen. Johansen & Nielsen trykte Syn og Segn like frå 1901 til sommaren 1970 og mange årgangar av Nynorsk Vekeblad. Suksessen enda med konkurs og tvangsauksjon hausten 1972.
Johansen & Nielsen gav ut 58 titlar i åra 1902–58. Av desse var 41 på nynorsk. Første nynorskboka var Soga um Justinus Martyr, kyrkjefaderen av Johannes Skar i 1904. Det var dette forlaget som gav ut Utanrikspolitiske tankar av Nikolaus Gjelsvik i 1927 og kommentarutgåva Um målbruk i statstenesta i 1932.
Den språkpolitisk viktigaste trykksaka var nok foredraget «Norske embættsmenner» av Arne Garborg i 1906. Der tok han til orde for eigne gymnas på nynorsk. Eitt av desse landsgymnasa opna på Bryne i 1924, eit halvt år etter at han døydde.
Sakprosabøkene kom helst spreidd, skjønnlitteraturen kom samordna og planmessig. I åra 1929–33 gav Johansen & Nielsen ut 13 titlar i serien Nynorsk romanbibliotek. Noregs Boklag var hovudkommisjonær og stod for marknadsføringa. Dermed trudde mange at boklaget også var utgivaren. Eit par bøker bar jamvel forlagsnamnet Det Norske Samlaget.
Utgivarane baud på verk av store, vestlege namn som Rudyard Kipling og Robert Louis Stevenson, og bøker av forfattarar som var nye for dei fleste. Med ein roman av Alois Jirásek kunne dermed endeleg ein tsjekkisk forfattar lesast på norsk. Godt å få lette bøker på nynorsk som kan nå ut til «den store romanslukande mengd», skreiv ein melder i avisa Agder.
«Det skyt ikkje fram so det dunar, men det munar so jamt», svara boktrykkjar Johansen med eit Aasen-sitat då Den 17de Mai spurde korleis det gjekk med romanbiblioteket etter to år. Han hadde sett si von til skule- og folkebibliotek, men først no var det litt fart i tingingane frå dei.
Når romanbiblioteket gjekk inn i 1933, kunne dårleg sal ha vore grunnen. Like avgjerande var det truleg at Albert Johansen døydde det året.
Ottar Grepstad
Neste gong: Forlagshus langs fjordane
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Tore Westre er lektor og har gått på Forfattarstudiet i Bø. No debuterer han som romanforfattar.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Så lada
Kjersti Elvik, Kristian Berg Jåtten, Jonatan Filip og Jon Ketil Johnsen i Arthur Millers stykke.
Foto: Den Nationale Scene
Når illusjonane drep