Galileos lutt
Christian Zimmermann spelar luttmusikk av musikarfamilien Galilei dårleg.
Galileo Galilei (1564–1642). Utsnitt frå måleri av Justus Sustermans frå 1636.
CD
Vincenzo Galilei, Michelangelo Galilei:
Musiche per liuto
Christian Zimmermann, lutt. Tactus 2022.
Pisanaren Galileo Galilei levde i ei brytingstid, i eit akademisk og kunstnarleg miljø som resulterte i det vitskaplege paradigmeskiftet som framleis pregar verdssynet vårt. Som fysikar ytte han viktige tilskot til rørslelæra, og han var ein pioner i bruken av teleskop i astronomien. Han propaganderte Nicolaus Copernicus’ lære om sola som sentrum for jordrørsla. Dette likte inkvisisjonen dårleg – seremoniell avsverjing av det kopernikanske verdsbiletet og livsvarig fengsel blei resultatet.
Paven gav heldigvis snart nåde. Men den vitskaplege verksemda kosta han mykje – til og med synet, for teleskoptittinga på sola svei augo hans så han blei nærast blind. Dauv blei han forresten også mot slutten av livet.
Dyktig musikar
Eg vil tru at dauvskapen gjorde Galileo sorgsam, for den fyrste biografen skildrar han som ein habil luttspelar og cembalist. Dette lærte han av far sin, Vincenzo Galilei (ca. 1520–1591). Denne spelte lutt så ofte han kunne, anten «han ferdast gjennom byen, sat til hest, stod ved vindauget eller låg i senga», som føreordet til ei av noteutgåvene hans opplyser.
Men Vincenzo var ikkje berre praktisk musikar. Som musikkteoretikar forfekta han nye teoretiske prinsipp som førte til framveksten av operaen – og slik resulterte i eit musikalsk paradigmeskifte mellom renessanse og barokk i musikkhistoria. Han var medlem av camerata fiorentina, ein lærd humanistkrins i Firenze som ynskte å attskapa den greske tragedien. Denne kunstforma meinte dei blei sungen i antikken, ikkje talt. «Monodien» var resultatet, ein ny komposisjonsmåte der songaren framfører teksten resitativisk til eit enkelt, akkordbasert akkompagnement. Dette radikale brotet med renessansens kunstferdig-kompliserte polyfoni la grunnlaget for barokkoperaens resitativ.
Skuffande
Musikk av Galileo Galilei er ikkje overlevert, sjølv om han sikkert komponerte. Det er derimot komposisjonane til faren Vincenzo og dei til veslebroren Michelangelo Galileo (1575–1631), som var hoffmusikar i München. På albumet Musiche per liuto (Musikk for lutt) framfører tyske Christian Zimmermann kring 30 småstykke av dei begge.
Zimmermanns spel skuffar. Nivået er langt under det ein bør forventa av ein moderne luttspelar. Han bommar på viktige tonar, snublar i ornamenta, fraserer stivt og livlaust, og der teknikken blir for krevjande, legg han inn små juksepausar.
Kva så med komposisjonane? Vincenzo skriv i sober renessansestil prega av lærd kontrapunktikk. Saklege satsnamn som «Contrapunto quarto» og «Contrapunto quinto» florerer. Sonen Michelangelos stil er friare og nærare barokken, med dansesatsar som «Corrente» og «Saltarello». Summa summarum lyt eg likevel innrømma at det er det biografiske ved albumet, og ikkje det kunstnarlege, som interesserer meg mest.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Det Norske Blåseensemble blir dirigert av Eivind Aadland.
Foto: Veronica van Groningen
Mest berre blås
Giorgio Vasari (1511–1574) på høgda av karrieren som hoffkunstnar og kunstintendant for hertugdømet Firenze. Sjølvportrett i Galleria degli Uffizi.
Kunsthistorias far