Lyttande samspel
Spanande tolkingar av tolv særmerkte komposisjonar
Jazz
Julia Hülsmann Quartet
The Next Door
Uli Kempendorff, tenorsaksofon, Julia Hülsmann, piano, Marc Muellbauer, bass og Heinrich Köbberling, trommer.
ECM
Kvartetten som i 2019 gav ut den kritikarroste Not Far from Here var i Frankrike i mars i år og spelte inn oppfølgjaren The Next Door. I 2019 var Kempendorff fersk i eit band som hadde jobba saman i 17 år. Trass i pandemien har kvartetten spelt mykje saman, og samspelet på The Next Door er om mogeleg endå meir intuitivt enn på førre plata. Komposisjonane er ei fin blanding av former der alle står fram med individuelt særpreg.
Hülsmann understrekar den fridomen ho har til å gå inn i ulike roller, og dette kan gjerast saumlaust «fordi me heile tid lyttar til kvarandre». «Det er den første og viktigaste prioriteten vår.» Det lågmælte og ettertenksame er noko som går att og er den blå tråden gjennom plata. Sjølv om det går unna i raskt tempo, som i Muellbauers «Wasp at the window» og Hülsmanns «Fluid», er det aldri noko heseblesande over musiseringa.
På enkelte låtar er det rom for solistiske manifestasjonar i tradisjonell forstand, men mykje av den spontane skaparkrafta ligg i det lyttande samspelet.
Også på denne plata tolkar dei ei populærmusikalsk sviske. Valet har falle på Prince, Coleman og Melvoins «Sometimes it snows in April». Den nakne og enkle versjonen med eit less is more-kor av Hülsmann formidlar vemodet og sorga i originalen på overtydande vis.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Julia Hülsmann Quartet
The Next Door
Uli Kempendorff, tenorsaksofon, Julia Hülsmann, piano, Marc Muellbauer, bass og Heinrich Köbberling, trommer.
ECM
Kvartetten som i 2019 gav ut den kritikarroste Not Far from Here var i Frankrike i mars i år og spelte inn oppfølgjaren The Next Door. I 2019 var Kempendorff fersk i eit band som hadde jobba saman i 17 år. Trass i pandemien har kvartetten spelt mykje saman, og samspelet på The Next Door er om mogeleg endå meir intuitivt enn på førre plata. Komposisjonane er ei fin blanding av former der alle står fram med individuelt særpreg.
Hülsmann understrekar den fridomen ho har til å gå inn i ulike roller, og dette kan gjerast saumlaust «fordi me heile tid lyttar til kvarandre». «Det er den første og viktigaste prioriteten vår.» Det lågmælte og ettertenksame er noko som går att og er den blå tråden gjennom plata. Sjølv om det går unna i raskt tempo, som i Muellbauers «Wasp at the window» og Hülsmanns «Fluid», er det aldri noko heseblesande over musiseringa.
På enkelte låtar er det rom for solistiske manifestasjonar i tradisjonell forstand, men mykje av den spontane skaparkrafta ligg i det lyttande samspelet.
Også på denne plata tolkar dei ei populærmusikalsk sviske. Valet har falle på Prince, Coleman og Melvoins «Sometimes it snows in April». Den nakne og enkle versjonen med eit less is more-kor av Hülsmann formidlar vemodet og sorga i originalen på overtydande vis.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Same tema
Eva Aagaard er utdanna journalist og debuterte som forfattar i 2019.
Foto: Nicolas Tobias Folsgaard
Usynlege sår
Sverre Anker Ousdal, Laila Goody, Elias Holmen Sørensen, Hanna-Maria Grønneberg, Andreas Stoltenberg Granerud, Trond Espen Seim og Anne Marit Jacobsen i stykket basert på filmen til Ingmar Bergman.
Foto: Erika Hebbert
Stivbeint dramatisering, men varmt spel