Til rett tid
Ensemble il capriccio syner oss kunsten å døy godt.
Den tyske kontratenoren Franz Witzthum.
Foto: Maria Davidoff
CD
Johann Christoph Bach, Johann Sebastian Bach:
Die Kunst des Sterbens – Ars moriendi
Franz Witzthum, kontratenor; Ensemble il capriccio. Genuin Classics 2022.
Omgrepet ars moriendi tyder «kunsten å døy». Det går attende til ei seinmellomaldersk form for oppbyggingslitteratur, som tematiserer den kristelege førebuinga til den «gode» måten å døy på, altså den «gode døden» til rett tid. Omgrepet får meg til å tenkja på ein tekststad i Andre Kongebok som fleire barokkomponistar har tonesett, nemleg der Jesaja vitjar kong Hiskia på sottesenga og uttalar: «Så seier Herren: Få orden på ditt hus, for du skal døy og ikkje leva lenger.»
To bachar
Det å leva med døden i kvardagen, å alltid vera førebudd på han, er tema for Ensemble il capriccios album med musikk av to medlemer av Bach-slekta: Johann Sebastian (1685–1750) og grandonkelen hans Johann Christoph (1642–1703). Repertoaret er delvis originalt, med kantateariar og resitativ, og delvis ensemblets eigne arrangement av koralar og fugar frå J.S. Bachs syklus Die Kunst der Fuge («Fuge-kunsten»).
Det at ensemblet flettar inn desse fugane i programmet, er eit vellukka grep. Bach nytta sine siste livsår på å finpussa syklusen. Han ville prova kva han gjennom livet hadde oppnådd innan kunsten å skriva fugar, altså komplisert kontrapunktiske verk med eitt eller fleire tema. Slik sett var det ei fullending av livsverket hans – og ei førebuing på avsluttinga av det.
Finpussa
Døden fylgde J.S. Bach gjennom livet. Som niåring miste han mor si og eitt år seinare faren. Han opplevde døden til alle syskena sine og elleve av barna, og då han i Köthen kom attende frå ei reise, var kona hans alt gravlagd – utan at meldinga om dødsfallet hadde nådd han. Som kantor i Leipzig spesialiserte han seg på forseggjord gravferdsmusikk.
Med dette i bakhovudet blir lyttinga til Ensemble il capriccios vakre album endå rikare. Solisten, den tyske kontratenoren (falsettsongaren) Franz Witzthum, er mellom dei internasjonalt beste i sitt stemmefag. Her høyrer me ikkje noko av den nasale klangen somme kontratenorar har, og den sparsame vibratobruken gir ein sylkvass, nærast instrumental intonasjon. Og så er det det ensembletekniske: I samspelet mellom instrumentalistar og vokalist er kvar fraseringsmessige detalj på plass. Lurer du på kva eg meiner, så lytt til dømes til spor 8: koralen «Du, o schönes Weltgebäude» frå kantate 56, Ich will den Kreuzstab gerne tragen, der samklangen er pussa med det finaste sandpapir.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Det Norske Blåseensemble blir dirigert av Eivind Aadland.
Foto: Veronica van Groningen
Mest berre blås
Giorgio Vasari (1511–1574) på høgda av karrieren som hoffkunstnar og kunstintendant for hertugdømet Firenze. Sjølvportrett i Galleria degli Uffizi.
Kunsthistorias far