Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Sjukdom hos statsleiarar i eit kontrafaktisk perspektiv
Med stor interesse las eg Bernt Hagtvets artikkel om Stalins død i Dag og Tid 10. mars. Med hjartesjukdomar som fagområde og interesse for historie er eg oppteken av sjukdoms innverknad på realpolitikk.
Nye og gamle konspirasjonsteoriar
I Dag og Tid nr. 10 blir det ofra mest to sider verdfull spalteplass på ei ny bok der det blir hevda at forfattaren av Shakespeare sine verk ikkje var Shakespeare, men jarlen av Oxford. Avisa har konkludert, «striden om kven som var forfattaren bak Shakespeare-namnet er i ferd med å kulminere» og vidare «lite av det vi veit om den historiske personen, tyder på at han kan ha vore i stand til å skrive desse (Hamlet osv.) og fleire andre dramatiske meisterstykke».
Den enkle godhet
De aller fleste mennesker ønsker andre godt, de vil at folk skal ha gode liv. Dette gjelder også for personer som opplever kjønnsinkongruens.
Rævedilting og Matteus 25,29?
I den siste avisartikkelen Einar Førde kom til å skriva i sitt liv, undrast han korleis det kunne ha seg at såkalla vanlege folk i val kunne stemma imot sine eigne interesser. Han tenkte på veljarskaren til George Bush jr. og på heiagjengen til Carl I. Hagen. Dette var i september 2004, tolv år før Donald Trump trampa inn i manesjen.
«På vaklande føter»
24. mars skriv Halvor Tjønn at Russland er «eit land på vaklande føter», og i redaktøren sluttar leiarartikkelen med desse setningane: «Militær opprusting dominerer no europeisk politikk. Slagordet «Rust ned!» har mista all kraft i lang tid framover.»
Kunnskapsrørsle angripen – igjen
I Dag og Tid fredag 17. mars kjem Ottar Grepstad med kritikk av Wikipedia og skuldar wikipediaforfattarar for juks. Som døme trekker han fyrst fram ei 13 år gamal sak om plagiat av Allkunne, før han kritiserer to artiklar om bokbål, som også er tema for Grepstad si siste bok. Han ropar «juks» fordi artikkelforfattarane har referert til eit intervju med Grepstad i ei etablert regionavis, i staden for å referere til sjølve boka, som ikkje er fritt tilgjengeleg for ålmenta på nett. Er ikkje det å strekke omgrepet juks litt langt?
Overfallet på Ukraina og arven etter Øverland
Ein berre så måteleg kjend britisk diktar, Frederick Locker-Lampson (1812–1895) skreiv mellom mykje anna: «Some men are good for righting wrongs and some for writing verses.» Som ein som no tilhøyrer siste kategori, har eg skrive dette diktet. For ordens skuld kan eg opplysa at eg tidlegare òg inngjekk i Locker-Lampsons første kategori, med fleire tenesteperiodar som lege ved FNs fredsoperasjonar (Gaza, Libanon, Kuwait, Irak og på Balkan). Mange gonger såg eg FN audmjuka, eller, som no, hindra i arbeidet på grunn av atommaktveto.
Inn i varmen
Det er snart 19 år sidan ein gjeng målfolk, frå by og bygd og fjerne land, tok til orde for å skape eit Wikipedia på nynorsk. Lek og lærd, fagfolk og amatørar, i ordets beste meining – folk som skreiv i kjærleik til målsaka. Kanskje fordi dei hadde sett at nynorsken taper som skulemål om elevar ikkje finn nynorske tekstar når dei bruker internett i skulearbeidet. Den innsatsen som er gjord, bør målrørsla vite å verdsette. Mykje er av god kvalitet også.
Håp i psykiatrien kan være livreddende
I kjølvannet av en episode av TV-programmet «Norge bak fasaden» om håp eller mangelen på sådan i psykiatrien, kommer spørsmålet om hvorvidt fagfolk skal gi pasienter håp? Det kommer frem i Dag og Tid forrige uke at det er uenigheter rundt hva formidling av håp har å si for pasientene.
Retting
Eg var nok litt medvitslaus i gjerningsaugeblinken då eg skreiv eit avsnitt i artikkelen «Klårsynt» førre veke. Kvalitetskontrollen streika, men heldigvis har me dyktige lesarar som har gjort meg merksam på nokre feil. Eg er særs takksam og prøver på nytt. Endringar i avsnittet er utheva:«Har du minus 1 på brillesetelen, har auga dine ei brytning på 61 dioptri. Du må spreia ljoset med ei konkav linse i brillene. Er du langsynt, vert ljoset brote for lite, og du må korrigera med ei konveks linse i brilla som samlar ljoset, slik at det treffer netthinna rett.»