Kor lenge kan Vedum vera tjora?
Senterpartiet balanserer på ein knivsegg mellom europavegen og krav frå eiga grasrot.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum har mykje å tenkje på.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
hompland@online.no
Det er ikkje lett for Vedum å balansera på Besseggen. Før valet var han høgt oppe. Motstandarane meinte han var ein skrønemakar som fantaserte like livleg som Peer Gynt, og at han gjekk utanom bøygane. Men mange veljarar var like godtruande som mor Åse; Vertinna lét seg også lokka til ein kort visitt hos mot-partiet som lova å ta heile det desentraliserte landet i bruk
SENTERPARTIET BLEI valvinnar og regjeringsmakar, men det dristige bukkerittet er over: «Bukk fra oven, bukk fra bunnen, stangedes i samme stunden.» Nå ligg Vedum og plaskar i Finansdepartementet, der han er domestisert av eliteøkonomane som han snakkar med og drikk kaffi med. Då han heldt offentleg prøveførelesing før den siste regjeringskonferansen om statsbudsjettet, var det med realitetsorientert resignasjon, men ikkje med nyomvend glød. Han har slutta å flira og gjøgla; han har bytt til ei alvorleg maske som ikkje passar.
«Stø kurs i ruskete farvatn», er bodskapen. Regjeringa har vore uheldige med nedbøren og fått Putins krig på si vakt. Brottsjøane har kome utanfrå, men regjeringa må ta straumrekninga. Veljarar er dårlege til å lønna, men snare til å straffa.
VEDUMS LAGNAD er å dempa forventingar han sjølv har stort medansvar for å ha skapt. Utgiftspartiet er tvinga inn i sparemodus, og det må Vedum fronta i dyrtider der stadig fleire folk flest er verdig trengande med rettvise krav på krisestøtte.
Byråsjefen meiner Vedum må ta til seg jungelordet frå ein tidlegare departementsråd: «Man kan ikke både holde og love; det får holde med å love.» Vedums refreng er at det gjeld å halda igjen, for jobb nummer éin er økonomisk tryggleik. Det viktigaste er å unngå inflasjon og renteeksplosjon som endar i reine barkebrødstider.
SENTERPARTIET HAR GÅTT frå offensiv opposisjon til ein posisjon i baksetet. På eit drygt år har dei mista innpå to tredelar av veljarane. Nær 100.000 har sett seg på gjerdet, og like mange har bytt til Høgre og Framstegspartiet. Partiet har kurs mot sperregrensa, og dei har ingen heimfallsrett til tapte veljarar. Vedum får ikkje æra for det Senterpartiet har fått på plass, men kjeft for det som ikkje er oppnådd.
Sjølve meiner dei det er urettvist, for rett nok har dei tapt Andøya og Ullevål og ymist anna, men dei har sikra eit godt landbruksoppgjer og lærarutdanning på Nesna. Dei har også fått flytta nokre grenser, men den som tillyser folkerøystingar for å klara opp, skaper gjerne nye gordiske knutar. I klimaspørsmål taler dei med kløyvd tunge: Måla ligg fast, men må utsettast – i det minste må ein tola ein open og ærleg diskusjon om elektrifisering av sokkelen.
I grunnen er Senterpartiet tilbake der dei har vore – det var valet i fjor som var unntaket. Dei er på det agrare grunnfjellet, men grasrota har visna og ugraset tørka inn.
PLATTFORMA FRÅ Hurdalssjøen var basert på ein konstruksjon som slår sprekkar i motvind og ruskevêr. Regjeringspartnarane dekte over fundamental usemje. Arbeidarpartiet er kabla til europeiske straumdrag. Senterpartiet har ei anna grunnforteljing om annleisland og sjølvråderett.
Den baserte regjeringa er blitt meir av ein bastard. Den som vil dansa kinn mot kinn med Støre og det større Arbeidarpartiet, må finna seg i å bli trakka på tærne og læra seg å venda den andre kinnet til.
Meiningsmålingane er til å gråta over for begge regjeringspartia, men ingenting er endra i den parlamentariske situasjonen dei neste tre åra. Den baserte regjeringa har fleirtal så lenge ho forhandlar seg fram med SV. Ei anna sak er at regjeringa kan koma til å kortslutta om krybba blir endå tommare. Då kan Støre sitja att som statsminister for eit endå smalare og slalåmkøyrande mindretal som må nikka til høgre.
DILEMMAET FOR Senterpartiet er dette: Kor lenge vil dei finna mon i å ha nokre fingrar på rattet, men vera tjora fast i ein posisjon som årelèt partiet? Kor lenge kan dei vera med på lasset og leva med at flokken krympar fordi veljarane trur graset er grønare på den blå sida av gjerdet? Og med eit regiment av frustrerte ordførarar som krev sterkare lut i energipolitikken og hardt mot hardt i regjeringa? For når det kjem til stykket, er dei 130 ordførarane partiets viktigaste naturressurs, og dei fryktar kommunevalet neste år.
Det sit langt inne å bryta ut for eit sjølvdefinert styringsparti som plar stå på at ein får gjennomslag for meir innanfor enn utanfor. Den parlamentariske nestleiaren Geir Pollestad, som ofte blir plassert på uriaspost, men som også må passa på kraftbalansen i partiet, seier det slik: «Det strir mot kulturen i partiet å overlata ansvaret til andre fordi det blir vanskeleg.»
SENTERPARTIET ER STOLT av å vera ideologisk pragmatisk, men dei har eitt salighetsspørsmål: sjølvstyre. Den kommunale grensa blei trekt i skjergarden utanfor Kristiansand, men den nasjonale går mot unionen sør for Skagerrak.
Om Senterpartiet vil finna ein veg ut av regjeringa og bli fristilt frå styringsansvar, er den nasjonale vasskrafta ei høveleg sak. Langt inn i stortingsgruppa bygger det seg opp eit ultimatum: Det er uråd å sitta i ei regjering som vil slutta seg til EUs fjerde energipakke.
Når Senterpartiet før har brote ut av og felt regjeringar dei har vore med i, har det vore på spørsmålet om europavegen.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Utrugne veljarar er dårlege til å lønna, men snare til å straffa.
Fleire artiklar
Hjelpemannskap nærmar seg ein skadd bygning etter kraftige regnbyger og storm i byen Derna i Libya.
Foto: Ali M. Bomhadi / Reuters / NTB
Vår skuld til Libya
Høgre-leiar Erna Solberg og ektemannen Sindre Finnes på veg for å røyste ved kommune- og fylkestingsvalet på Skjold skole i Bergen 11. september.
Foto: Tuva Åserud / NTB
Etterlyser ei innstramming
Frp-ordførar Torbjørn Klungland i Flekkefjord fekk 45,5 prosent av røystene i kommunevalet.
Skjermdump frå NRK Dagsrevyen
Vanleg kommunalpolitikk tar over
Partileiarar møtte journalistar etter partileiardebatten frå Bergen i TV 2 tysdag denne veka.
Foto: Tuva Åserud / NTB / POOL
Denne medievridde valkampen