Prigozjin ved vegs ende
Onsdag denne veka – to månader etter opprøret i juni – enda livet til krigsherren Jevgenij Prigozjin.
Jevgenij Prigozjin var nyleg i Afrika.
Foto: Wagnergruppa / Reuters / NTB
Ein spektakulær kriminell karriere tok slutt for to dagar sidan då flyet som Jevgenij Prigozjin sat i, styrta ved landsbyen Kuzjenkino i Tver-fylket, om lag 35 mil frå Moskva.
Nedskytinga skjedde nøyaktig to månader etter at Wagner-sjefen Prigozjin sette i verk eit opprør mot den militære leiinga i Moskva. Etter eitt døgn rann opprøret ut i sanden. Mange Russlands-ekspertar meinte då at det berre var eit spørsmål om tid før han blei drepen.
Det mest overraskande er kanskje at det skulle ta to heile månader før han blei likvidert. Rett nok er det ingen som veit – og mest sannsynleg får me aldri vita – årsaka til flystyrten. I timane etter styrten var det to teoriar som peikte seg ut: den eine at flyet blei skote ned av eit luftforsvarssystem, den andre at det var ei bombe inni flyet.
Rakettbatteri
Ei anonym kjelde sa til avisa Moscow Times at ein burde sjå på kor luftforsvarssystema i Valdaj-området mellom Moskva og St. Petersburg er plasserte. Vladimir Putin har ein påkosta datsja i Valdaj, og datsjaen blir vakta av fire S-300 rakettbatteri. Dette er rakettar som er i stand til å skyta ned fly i marsjhøgd. Augnevitne sa at ein før styrten kunne høyra to smell. Til vanleg vil ein senda to rakettar mot eit slikt fly, for å vera sikker på å treffa.
Etter opprøret i juni gjorde Putin ein avtale med Prigozjin om at han skulle halda seg i utlandet, anten i Belarus eller i Afrika. Få dagar før flystyrten blei det offentleggjort ein video med Prigozjin der han står ute i ein ørken. I videoen lovar han å gjera Russland stort i Afrika. Så ser det ut til at han denne veka vende attende til Russland, stikk i strid med avtalen med Putin. Då bestemte «nokon» i den russiske leiinga at han måtte ryddast av vegen, seier anonyme kjelder til den russiskspråklege nettavisa Meduza.
Ein av dei omkomne vert boren bort frå staden der flyet styrta.
Foto: Marina Lystseva / Reuters / NTB
Putins problem
Det største problemet for Putin etter opprøret i juni, var neppe at Wagner-hæren drap eit tital russiske soldatar og skaut ned fleire fly frå det russiske luftforsvaret. Putin må ha blitt meir uroa over at dei fleste i den russiske hæren i Sør-Russland gjennom det urolege døgnet 23.–24. juni ikkje tok stilling imot Prigozjin. Det dei gjorde, var å venta og sjå kven det var som vann fram. Då leigehæren til Prigozjin heiste opprørsfana, forstod Putin at den aktive støtta han hadde i hæren, var mykje svakare enn sjølv mange kritikarar har trudd.
Då også Putin heldt ein tale der han brennmerkte Prigozjin som forrædar, utan at det skjedde noko anna enn at han blei skyssa over til Belarus, stod presidenten fram som ein svekt leiar.
Dersom det er Putin og folka hans som står bak likvideringa av Progozjin, er normaliteten gjenoppretta. Den som set seg opp mot herskaren i Kreml, må døy, seier ei russisk kjelde til Meduza.
Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sindre Finnes og daverande statsminister Erna Solberg røysta ved Skjold skole i Bergen i stortingsvalet 2021. Aksjespekulasjonen til Finnes har ført til ei krise for Solberg og Høgre.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Spørsmål om tillit
Høgre-leiar Erna Solberg og ektemannen Sindre Finnes på veg for å røyste ved kommune- og fylkestingsvalet på Skjold skole i Bergen 11. september.
Foto: Tuva Åserud / NTB
Etterlyser ei innstramming
Utover på 1990- og 2000-talet blei heile poenget med å ha politisk makt at ein kunne stela, skriv Halvor Tjønn. Biletet viser statuen av nasjonalhelten Bogdan Khemlnitskij i sentrum av Kyiv og gullkuplane på St.Michael-katedralen.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Å stela frå staten har vore normalen
Den ukrainske vår- og sommaroffensiven som tok til i byrjinga av juni, har gjeve få resultat.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Den langvarige krigen