Sniglemord
– Eg går berre ut litt, eg.
Det har blitt kveld, det har regna i ein halvtimes tid, og eg trør opp i støvlane, klar for ein liten tur ut. Eg skal ikkje langt, berre rett ut i hagen. Med saks og bøtte. Eg skal drepa brunsniglar.
Ofte når eg får slike hageinnfall, at eg vil avskjera frukttre, rosebuskar eller setta poteter, er det anten for tidleg eller for seint. Alt har ei tid på året der det er best å gjera noko, og sjeldan er det nett no. Det må planleggjast.
Me sår plenar, plantar plommetre, hekkar og rododendron, for så å bruka resten av livet på å halda desse nede til gitte tider.
Det eg likar med å drepa brunsniglar, er at det alltid er rett. Eg treng ikkje ta omsyn til noko. Det er umogeleg å gjera feil. Tid, kjønn og storleik har ingenting å seia. Berre eg får han i bøtta og klipt han i to, er det meining i det. Eg treng ikkje planleggja, eg treng ikkje bestemma meg for det dagen før, at i morgon kveld skal eg ut og drepa sniglar. Eg berre gjer det nett når det passar meg.
Har eg fyrst teke ein brunsnigel, er det ei god gjerning uansett om det står april eller juli på kalenderen.
Best likar eg når snigelen er på veg ein stad, han har strekt seg ut så lang han er og har begge augo på stilk. Han nyt livet, og eg nyt livet, eg òg. Så tek eg borti han med saksa, og han trekkjer seg saman, dreg inn augo og gjer seg så liten han berre klarar, men han vert ikkje liten nok. Eg har alt sett han.
Eg tek alle sniglane. Kvinner og born får ingen føremon, dei er uansett tvikjønna. Parar dei seg, vert begge befrukta. Så jo mindre dei er, jo større er gleda over å drepa dei. Tek eg dei før dei er kjønnsmodne, og avvegrar at dei får lagt 400 egg under ein stein i hagen, er eg ekstra glad.
Det er eit daudfødd prosjekt, seier ekspertane om kampen mot sniglane. Vel, det var òg eit daudfødd prosjekt for dei over 300 sniglane å prøva å eta frå hagen min denne fuktige førsumarkvelden.
Clementine
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.