1700-talets Trondheim, med domen til venstre og katedralskulen til høgre. Prospekt av Joh. F.L. Dreier frå 1800 (utsnitt).
Foto: Vitenskapsmuseet NTNU
Trønderbarokk
Sigurd Imsen, fiolin; Christina Kobb, hammarklaver; Trondheim Symfoniorkester og Operas Barokkensemble. 2L 2023.
Treutmann-orgelet (1737) i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Høge tempo
Instrumentet japanaren Masaaki Suzuki spelar på i volum 4 i serien med alle Johann Sebastian Bachs (1685–1750) orgelverk, er eit av dei finaste og best bevarte tyske orgla frå barokken. I den katolske St. Georg-kyrkja i Grauhof søraust for Hannover reiste orgelbyggjaren Christian Treutmann mellom 1734 og 1737 sitt magnum opus: eit svært instrument med tre manual (klaviatur) og pedalar som merkjer seg ut med sine linne, intime strykestemmer. Denne pipetypen, som me veit at Bach sette spesielt pris på, imiterer klangen av strykeinstrumentet viola da gamba. Ein meir kuriøs effekt ved Treutmann-orgelet er det komplette, innebygde klokkespelet som nyss er restaurert.
Komponisten David Monrad Johansen (1888–1974).
Foto: AP / NTB
Fargerik Pan
Då dette albumet kom for tre år sidan, gjekk det meg hus forbi. Men betre seint enn aldri – sidan Kristiansand Symfoniorkester her gjev oss sjeldan framført repertoar av ein av Noregs viktigaste 1900-talskomponistar, og framføringa er fin, fortener plata predikatet standardinnspeling. Den allsidige Eivind Aadland fører taktstokken, og solist i tittelverket er den røynde tyske pianisten Oliver Triendl, som spesialiserer seg på «gløymd» musikk og har over hundre plateinnspelingar bak seg.
Trompetisten Tine Thing Helseth er solist med Ensemble Allegria.
Foto: Anna-Julia Granberg
Elegi for trompet
Tine Thing Helseth spelar her relativt ny og ukjend musikk for trompet og orkester, i tillegg til nokre klassikarar av Francis Poulenc, Edvard Grieg og Erik Satie (arrangert for trompet av Jarle Storløkken). Med det norske kammerorkesteret Ensemble Allegria byr plata på gneistrande godt samspel. Komposisjonane, derimot, er berre delvis interessante.
Den engelske mezzosopranen Alice Coote.
Foto: Jiyang Chen
Lidande lieder
Austerrikaren Franz Schubert (1797–1828) var grunnleggjaren av den romantiske kunstsongen med klaver, den tyskarane kallar Lieder. På sitt nye album, som er sett saman som eit avvekslingsrikt konsertprogram, presenterer mezzosopranen Alice Coote og pianisten Julius Drake eit fint lied-utval frå både songsyklusar og enkeltsongar, med vekt på tonesetjingar av Goethe-dikt. Han spelte ei spesiell rolle for Schuberts utvikling som lied-komponist. Inspirasjonen kunne driva han til å komponera heile fem Goethe-songar på éin dag, i alt kring 75 stykk. Diverre var diktaren særs konservativ i musikksmaken. Fyrst etter at komponisten var død, fekk han øyro opp for dei nyskapande kvalitetane i Schuberts lieder.
Utsnitt av stilleben med mat og musikkinstrument (cello til høgre) av Pieter Claesz (ca. 1597–1660).
Antydingas kunst
Johann Sebastian Bachs (1685–1750) solomusikk for strykeinstrument er døme på antydingas kunst. På den eine sida utforska han her, meir enn nokon annan før han, yttergrensene for kva som lèt seg utføra på eit strykeinstrument reint teknisk. På den andre sida er musikken ein kompositorisk tour de force: Bach syner at det er mogleg å skriva subtil fleirstemmig musikk også for instrument som eigentleg er laga for å spela einstemmige melodiar.
Utsnitt frå «Vandraren over tåkehavet» (1818), måla av Caspar David Friedrich (1774–1840).
Wanderlust
Den tyske tidlegromantikaren Felix Mendelssohn Bartholdy komponerte jamt og trutt for firestemmig mannskor, fyrste gongen som elleveåring i 1820, siste gongen sju veker før han døydde i 1847. Mannskora inngår i skodespelmusikk, i kyrkjemusikk og i store, verdslege komposisjonar. I særstilling står likevel dei 38 mannskorsongane a capella (for songarar åleine), som mannskoret til den sørvesttyske kringkastinga SWR syng på sitt nye dobbeltalbum.
Den norske mezzosopranen Marianne Beate Kielland.
Foto: Liv Øvland
Stilistisk breidde
«Som komponist er jeg vel hovedsagelig lyriker med impulser væsentlig fra Schumann og Grieg – Wagner har vel ogsaa virket ‘befrugtende’ på mine instrumentalkompositioner.» Dette skreiv den unge Sigurd Lie – med god sjølvinnsikt – til komponistkollegaen Iver Holter i januar 1903. Han var då medviten om at det korte og hektiske musikarlivet hans nærma seg slutten. Månaden etter klaga den tuberkuløse Lie nemleg over ein «følelse af kraftløshed og mathed, som ikke spaar godt», og la til: «Denne vinter blir vel min sidste, er jeg ræd for.»
Bach-familiens stamtre, teikna på 1700-talet.
Foto: Bacharchiv Leipzig
Gamle Bachar
15 verk for seks til åtte songarar, komponerte av fire generasjonar «bachar» – dette får me på albumet Bach Family – Family Affairs, ei av ganske mange innspelingar med musikk frå den store musikarslekta til Johann Sebastian Bach (1685–1750). Seks av stykka er frå Altbachisches Archiv («det gamalbachske arkivet»), ei notesamling med motettar, korsongar og kantatar av eldre medlemer av Bach-slekta.
Den norske klassiske gitaristen Kristina Vårlid.
Foto: Damiano Rosa
Elegisk energi
Tombeau for Sabrina, heiter opningssporet på Kristina Vårlids nye plate. Namnet på dette stutte verket av den tsjekkiske komponisten Štěpán Rak (fødd 1945), der gitaren bylgjer i brotne mollakkordar som ei på harpe, kunne vore albumtittel. Utøvarens motivasjon bak innspelinga er nemleg den same som bak komponistens verk: Dei ynskjer å minnast Sabrina Vlaškalić (1989–2019), ein gåverik serbisk klassisk gitarist som – dagen før ho fylte 30 år – døydde i ei trafikkulukke i Groningen i Nederland.