Foto: Wenche Brusevold
0–6 rette: Det vart pinne stivt i dag. Betre lukke neste veke!
7–9 rette: Bra levert, sjølv om «mjølkesyra» (laktatet) hopar seg opp til tider.
10–15 rette: Du spring sjarmøretappen med stil. Flotte greier!
16–20 rette: Solid! Her var det stive øyre og stø kurs.
21 rette: Gratulerer og applauderer! Spring av stad og send e-post til quizmeisteren.

1. Kva tradisjonelt idrettsarrangement i Oslo hadde 100-årsjubileum 13. mai og rekordmange påmelde lag, over 4000? Quizmeisteren hadde sjølv gleda av å springe for Dag og Tid.
2. Laktat er det negativt ladde ionet til kva syre?
3. Set inn rett verb, det skal inn to gonger: Aslaug Vaa skreiv diktet «Å (…)», som opnar med orda «Stundom spør ein: Kan ein (…) eit anna menneskje?»
4. Kva note varer like lenge som to fjerdedelsnotar?
5. Mange viktige stader i Tromsø ligg på Tromsøya. Kva, som stod ferdig i 1965, er derimot den mest kjende attraksjonen på fastlandet?
6. I 2023 har Grunnlova paragraf 108 vorte justert. Kven har fått status som urfolk?
7. Tyskie, Żywiec og Lech er viktige døme på kva i kva for eit land?
8. Var slaget ved Leipzig i 1813 ein siger eller eit tap for Napoleon?
9. Kven vart unnfanga utan arvesynd, ifølgje det katolske dogmet immaculata conceptio?
10. Kva dialektord av bokstavane a, i, k, k, k, s og v har trønderane for brødskive?
11. Rubus saxatilis høyrer til same slekta som bringebær, men har mindre «bær», altså færre steinfrukter i kvar raude samfrukt. Kva er det norske namnet på denne matplanten?
12. Johnny Logan er ikkje lenger åleine om å ha vunne Eurovision to gonger som artist. Kva svenske vann i både 2012 og 2023?
13. Kva stor elv i Sentral-Asia har opphav i Kirgisistan og utløp i Kasakhstan, i ein nordleg rest av Aralsjøen?
14. Dersom plagget ikkje toler vaskemaskin, viser vaskelappsymbolet ei balje, vatn og kva for noko meir?
15. Nigeria har stor filmindustri. I kva for eit tiår kom Living in Bondage, som er rekna som gjennombrotet?
16. Kva barnebokfigur har pappaen Bertil, venene Viktor, Milla og Hamdi, katten Sakkeus og ikkje minst ein fantasiven?
17. Kva for ein av dei andre planetane i solsystemet er i gjennomsnitt nærast jorda over tid?
18. Tenk på måleriet som er den best kjende versjonen av Munch-biletet «Madonna». Kva farge har det me ser på hovudet til kvinna? Somme ser det til dømes som ei glorie.
19. Har ein nokon gong funne fossil av mammutar i Noreg?
20. I kva kjend videospelserie har Breath of the Wild (2017) fått oppfølgjaren Tears of the Kingdom (2023), båe vurdert særs høgt?
21. Kor mange felles barn har det britiske kongeparet Charles og Camilla?
Svar på spørsmåla
1. Holmenkollstafetten
2. Mjølkesyre
3. Eiga
4. Ein halvnote
5. Ishavskatedralen
6. Samar
7. Polske ølmerke
8. Eit tap
9. Maria (Ein må ikkje forveksle dette med Jesu jomfrufødsel.)
10. Kakskiv
11. Teiebær (også kjent som tågebær)
12. Loreen
13. Syr-Darja
14. Ei hand
15. 1990-åra (1992)
16. Albert Åberg (Fantasivenen er Skybert.)
17. Merkur (Det er fordi Merkur har liten bane. Han er difor aldri veldig langt unna oss.)
18. Raud
19. Ja (Ein har funne fragment av tenner og knoklar.)
20. The Legend of Zelda (Me godtek Zelda.)
21. Ingen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.